🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Knutshø,...

Eresfjord Bygdelag

Departement: Familiedepartementet 8 seksjoner

Urettferdig byrdefordeling

Mange av dei føreslegne tiltaka råkar i hovudsak lokalbefolkninga, medan store nasjonale aktørar – som kraftutbyggjarar og statlege samferdselsinteresser – i liten grad vert stilt til ansvar. Det er ikkje akseptabelt at tiltak som stenging av lokale vegar, ferdselsavgrensingar og restriksjonar i jakt og utmarksbruk vert fremja, medan større strukturelle inngrep som E6, jernbane og kraftutbygging knapt vert drøfta. Lokalbefolkninga skal ikkje bere heile kostnaden for storsamfunnet sine val og inngrep.

Aursjøvegen og ferdsel

Konsekvensane for lokalt næringsliv, ikkje minst reiseliv og turisme, kan bli alvorlege ved stenging eller innstramming i bruken av Aursjøvegen. Dersom ein likevel vurderer avgrensingar, må det leggjast til rette for at dei som har bruksrett, framleis har tilgang.

Det er heilt avgjerande, som både Molde kommune og Eresfjord og Vistdal Fjellstyre peikar på, at Aursjøvegen blir oppretthalde som beredskapsveg ut frå Eikesdalen. Dette inneber òg at vegen må vedlikehaldast og vere farbar til dette formålet.

Manglande vilje til å ta tak i store inngrep

Det er oppsiktsvekkjande at store inngrep som E6 og jernbane gjennom villreinområda ikkje vert løfta som moglege tiltak. Det same gjeld dei omfattande inngrepa gjort av Statkraft, der særleg Aura-utbygginga har hatt stor innverknad på areal og dyreliv. Eit tiltak som å leggje E6 eller jernbane i tunnel bør vurderast, i likskap med revisjon av eksisterande kraftinfrastruktur.

Rovdyrforvaltning

Bygdelaget, i likskap med Molde kommune og Eresfjord og Vistdal Fjellstyre, meiner det trengst betre og meir målretta kunnskap om jerv og kongeørn si påverknad på villreinen, særleg i kalvingsperioden. Det er truleg at rovdyrpress er ein av årsakene til låge kalvetal. Difor bør kalveteljing skje tidlegare på våren, for å betre kunne kartleggje tap knytt til predasjon.

Turisme og friluftsliv

Tiltaka som vert foreslått, grip i stor grad inn i kvardagen til lokalbefolkninga – men i liten grad i aktivitetane til turistnæringa og organisasjonar som DNT. Den aukande turistferdsla har ein vesentleg påverknad på reinens åtferd. Det er difor kritikkverdig at slike aktørar får halde fram med sin aktivitet med liten eller ingen regulering, medan lokale brukarar vert møtt med restriksjonar.

Forsvaret og jagarfly

Forsvarets lågflyging og treningsaktivitetar med jagarfly over fjellområda representerer ein stor forstyrringsfaktor for villreinen. Det er uforståeleg at dette ikkje vert omtala i tiltaksplanane. Ein heilskapleg plan må òg ta omsyn til slik påverknad, og regulering bør vurderast – særleg i sårbare periodar.

Fjellstyrets finansiering

Fjellstyra si finansiering gjennom sal av reinsjaktkort fører til ein openberr interessekonflikt. Forvaltninga av villreinstamma må ikkje vere økonomisk avhengig av jakta si omfang. Vi meiner alternative finansieringsmodellar må vurderast, slik at fjellstyra kan opptre med uavhengig fagleg integritet.

Gjennomføring og oppfølging

Det er avgjerande at tiltaksplanen vert følgt opp med tilstrekkelege ressursar. Økonomiske midlar, kompetanse og rammeverk må vere på plass for å sikre reell gjennomføring. Det inneber også styrking av den lokale og regionale villreinforvaltninga, med forankring i lokalt kunnskapsmiljø.