🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring og NOU 2021: 2 Kompetanse, aktivi...

Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal avgrensar svaret til det som gjeld dei sosiale tenestene i NAV.

Vi støttar forslaget om auka bruk av kvalifiseringsprogrammet som middel for å få fleire i ordinært arbeid og at det vert utgreia vidare kva som er årsaka til at kvalifiseringsprogrammet blir for lite brukt, trass gode resultat etter fullført program. Det vil vere nødvendig å gjere grep for å auka bruken.

Vi er einige i at det bør gjerast noko med ansvaret for og finansieringa av kvalifiseringsprogrammet men vi har ikkje tatt stilling til om det er best at programmet blir værande i sosialtenestelova eller om det bør overførast til statleg del av NAV. Det viktigaste er at kvalifiseringsprogrammet blir finansiert og organisert på ein måte som fremjar bruken og vi håper kommunane sjølv meiner noko om dette. Vidare kan det godt vere at det er rett å endre regelverket slik at retten til KVP ikkje er subsidiært dei statlege ordningane.

Det vert foreslått å innføre aktivitetskrav etter §20a også for personar over 30 år. §20 gir allereie NAV kontoret høve til å stille vilkår til personar over 30 år utan at det vert gjort til ei plikt. Statsforvaltaren meiner dette er nok.

Vi er einig i at tett og individuell oppfølging av brukarar med samansette behov er nødvendig og at dette vil krevje fleire tilsette i NAV. Vi er og opptatt av at vegleiarar som følgjer opp desse brukarane har tilstrekkeleg kompetanse til å gje god oppfølging. Dette uavhengig av om det er snakk om oppfølging av deltakarar i kvalifiseringsprogram, brukarar som blir omfatta av krav om aktivitet eller andre dei andre tenestene i sosialtenestelova.

Direktør helse- og sosialavdelinga