Det følgjande er ein høyringsuttale frå Hardanger Folkehøgskule vedkomande forskrift til Folkehøgskoleloven om kurs av kortare varigheit for ungdom som har falt ut av skule og arbeidsliv.
Vi er udelt positiv til å kunne tilby slike kurs og meuiner at det er rett å ta dette inn i Forskriften. Slik vi ser det er det eit udekka behøv som folkehøgskulane kan vera med å dekka ved å tilby slike kurs, og at det heilt klart kan definerast innanfor samfunnsoppdraget vårt. Folkehøgskulane er den ideelle arenaen, har den pedagogiske innretningen og ressurspersonar som kan brukast direkte inn mot denne målgruppa.
Vi meiner at det må opnast for å gjera dette både i skuleåret, aprallelt med årskurset, og i perioden kor skulen er stengt. Det er viktig at den enkelte skulen får den fridomen som skal til for å kunne laga eit innhald, organisera det og definera målgruppa. Skal ein kunne få eit slikt kurs til å virka for den enkelte ungdom må det gå over litt tid, men det treng ikkje å vera over 95 dagar fordelt på 16,5 veker. Det bør vera opp til den enkelte skule å definera lengden på kurset, slik at ein kan gjennomføra det i sommarferien.
Vi ber og om at det vert opna for at skulen kan leiga inn kurshaldarar/lærarar med den kompetansen som trengs utan at desse er ein fast del av staben på skulen.