Høring – endringer i helsepersonelloven: autorisasjon av naprapater, osteopater, logopeder og paramedisiner – svar frå Helse Bergen
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus viser til brev av høyringsbrev av 26. mars 2021 om endringar i helsepersonellova om autorisasjon av naprapatar, osteopatar, logopedar og paramedisinarar. Departementet foreslår i høringsnotatet å autorisere naprapatar, osteopatar, logopedar og paramedisinarar i etter helsepersonellova § 48 første ledd.
Grunngjevinga for å autorisere naprapatar og osteopatar er vedtak i Stortinget i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2021, der følgjande vedtak vart gjort (vedtak 165): Stortinget ber regjeringen gi offentlig autorisasjon til naprapater og osteopater, samt ta en vurdering av om akupunktører skal autoriseres som helsepersonell . I høyringsnotatet blir det og beskrive kva som skal liggje til grunn for å få rett til autorisasjon som naprapat, osteopat, logoped eller paramedisinar.
Høyringsuttalen er forankra med leiarar for dei kliniske einingane i Helse Bergen som er nærast til å meine noko om saka. Helse Bergen meiner at norske helsemyndigheiter kan gje autorisasjon til logopedar og paramedisinarar fordi behovet for deira spesialkompetanse i helsetenesta er klart definert, og både kunnskapsgrunnlaget og utdanningssystemet for gruppene er godt etablert. Helse Bergen meiner samstundes at norske helsemyndigheiter ikkje bør gje autorisasjon til naprapatar og osteopatar, ettersom kunnskapsgrunnlaget for deira praksis ikkje føreligg, og det med dette heller ikkje er behov for deira tenester i den offentleg eigde og finansierte helsetenesta.
Marta Ebbing, fagdirektør, Forskings- og utviklingsavdelinga
Gry Kolås, spesialrådgjevar, Føretakssekretariatet