Høyringssvar – forslag om å autorisere naprapartar, osteopatar, logopedar og paramedisinarar
Statsforvaltaren i Vestland støttar ikkje framlegget om å opprette autorisasjonsordningar for logopedar, osteopatar og naprapatar før faglege vilkår er avklart.
Vi meiner personell i helse- og omsorgstenestene skal ha autorisasjon, men før og som føresetnad for iverksetting av autorisasjonsordningar for fleire yrkesgrupper, meiner vi at dokumentasjon på behandlingsmåtane, normering av fagleg utøving og innhald i utdanningane må liggje føre.
Autorisasjon av logopedar, osteopatar og naprapatar på grunnlag av mellombelse ordningar og framlegg om vidare utgreiing på sikt, vil innebere ei svekking av autorisasjonsordninga for helsepersonell. Vi er samde i vurderingane frå Helsedirektoratet i høyringsnotatet og direktoratets tilrådingar om ikkje å opprette autorisasjonsordningar for logopedar, osteopatar og naprapatar før faglege vilkår er avklart.
Vi meiner det vil vere feil og i strid med føremålet med autorisasjonsordninga at behandlingsformer som i dag høyrer inn under alternativ behandling, til dømes kraniosakral terapi, blir fagleg anerkjent behandling men uvisst for kva, ved autorisasjon av yrkesgruppa som praktiserer denne behandlingsforma.