Dato: 17.02.2021 Svartype: Med merknad Eg viser til kapittel 9 i lovforslaget der det vert gjort greie for lovutvalget sitt primærstandpunkt i forhold til foreldreskap. Primærstandpunktet til lovutvalget er at terminologien i lova skal vera kjønnsnøytral og dermed ikkje skal bruka ord som "mor", "far" eller "medmor". Dette vil eg på det sterkaste åtvara mot, og ta sterk avstand frå. Mor og far er grunnleggande ord og omgrep gjennom heile historia og i dei aller fleste kulturar verda over. Det er ikkje til barnets beste, som er eit gjennomgåande prinsipp i lova, at desse orda skal bort. Og eit kjønnsnøytralt språk er ikkje til barnets beste, det er berre for å synleggjera vaksne mennesker sine val av samlivsform og familieform. Det er ikkje til barnets beste. Eg ber instendig om at mor og far fortsatt skal vera terminologien i lova. Og eg spør til slutt: Har utvalet reflektert over at det er til barnets beste å veksa opp med ei mor og ein far? Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"