🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring: Forslag til endringer i helsepersonelloven, pasient- og brukerrettighets...

Statsforvaltaren i Vestland

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner
Høyringsuttale frå Statsforvaltaren i Vestland

Framlegget frå Helse- og omsorgsdepartementet til lovendringar vil, om det blir vedteke, bidra til meir effektivt og risikobasert tilsyn, til pasient- og brukartryggleik og tillit til helse- og omsorgstenesta frå befolkninga. Lovendringane gjer at tilsynsstyremaktene får eit større handlingsrom og kan derfor bruke ressursar på ein måte som gjer det mogeleg å følgje opp alvorlege saker. I tillegg vil framlegg til endringane i reaksjonssystemet, om det blir vedteke, gjere tilsyn meir treffsikkert og derfor bidra til å oppnå formålet med tilsyn.

Statsforvaltaren meiner framlegget tek i vare omsynet til rettstryggleik. Vi viser til at framlegg til lovendringar i større grad legg til rette for risikobasert tilsyn. Samstundes skal den som kjem med førespurnad om tilsyn få sine synspunkt vurdert og vedkommande skal får svar på korleis førespurnaden blir følgd opp.

Vi vil i det følgjande kommentere delar av framlegget som gjer det utfordrande å oppnå formålet med tilsyn.

Om fagleg pålegg til helsepersonell, jamfør fram legg til ny helsepersonellov § 56

Vi meiner påleggskompetansen bør ligge hos både Statens helsetilsyn og statsforvaltaren, som begge saksbehandlar tilsynssaker. Det er viktig at statsforvaltaren har hand om fagleg pålegg i sitt fylke, i saker som Statens helsetilsyn ikkje behandlar, noko som inneber mesteparten av sakene. Faglege pålegg kan vere aktuelt i saker med fagleg svikt og det er usikkert om helsepersonellet har eller vil sørge for å inneha fagleg gode nok kvalifikasjonar, men kor ein avgrensa autorisasjonen blir for inn­gripande. Då er ikkje alltid påpeiking av lovbrot tilstrekkeleg aleine til å bidra til endring. Rettleiing og kompetansehevande tiltak til helsepersonell kan då vere nyttig for å oppnå endring.

For å harmonisere praksis om bruk av faglege pålegg hjå statsforvaltarane er det her behov for utarbeiding av retningsliner. Talet på statsforvaltarar er allereie redusert og Statens helsetilsyn, som er overordna tilsyns­styremakt, må kunne bidra til å harmonisere praksis.

Det er viktig at verksemda raskt set i verk sitt arbeid for pasienttryggleik. Beste løysinga blir då at statsforvaltaren kan gi slike faglege pålegg i sitt fylke, utan først å sende saka til Statens helsetilsyn. Statsforvaltaren er nær verksemda og har betre føresetnadar for å vurdere kva for faglege pålegg som er best å stille. Naudsynt oppfølging av helsepersonell og verksemd, inklusive møte, blir òg lettare for statsforvaltaren å gjennomføre.

I høyringsnotatet går det fram at når det gjeld «ansatt i en virksomhet, vil arbeidsgiver være forpliktet til å tilrettelegge for at det kompetansehevende tiltaket kan gjennomføres, for eksempel sørge for at helsepersonellet får deltatt på et relevant kurs.»

Statsforvaltaren er samd i at arbeidsgjevar må ta dette ansvaret, noko som er i tråd med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring.

Ved faglege pålegg må tilsynsstyremaktene stille krav til helsepersonell, også overfor dei som ikkje har arbeidsgjevar. Departementet kommenterer likevel ikkje kven som skal følgje opp fastlegar og helsepersonell som har avtale med kommunar og regionale helseføretak, og helsepersonell som er heilprivat. Dette er ei gruppe helsepersonell som er utprega sjølvstendig, men som likevel treng samarbeidsaktørar for å få kompetansehevande tiltak eller rettleiing. Det er etter statsforvaltaren si vurdering behov for utgreie og avklare nærare kven som skal følgje opp og rettleie helsepersonell i desse tilfella.

Oppfølging av verksemder òg mynde til å gi pålegg om retting i verksemder, jamfør framlegg til ny helsetilsynslov § 8

Framlegg til lovendringar skal bidra til pasient- og brukartryggleik og tillit til helse- og omsorgs­tenesta frå befolkninga.

Statsforvaltaren må for det første, ut frå ei risikovurdering, prioritere mellom saker når det gjeld oppfølging. For det andre må statsforvaltaren innrette arbeidet for å få nødvendig kunnskap om endringane i verksemda og hjå helsepersonell.

Vi er samde i at alvorlege saker skal ha prioritet, noko som inneber at statsforvaltaren må følgje opp verksemda heilt til ho kan syne oss korleis ho følgjer med på at praksisen faktisk blir følgd. Dette kan ta lang tid. Først har statsforvaltaren konstatert brot på helselovgivinga og bedt om tilbake­melding på tiltak. Deretter er det vanleg å be om oppdaterte opplysningar om evaluering av tiltak og om korleis verksemdsleiar følgjer med på praksis. Statsforvaltaren må prioritere oppfølginga av verksemda for å oppnå formålet med tilsyn.

Vi syner i den samanheng til at Statens helsetilsyn i liten grad bruker heimelen for å gi pålegg om retting, slik det også går fram av høyringsnotatet. Dette har samanheng med at statsforvaltaren først må sende saka til Statens helsetilsyn med førespurnad om pålegg. Deretter må Statens helsetilsyn behandle saka. Tidsmomentet er her vesentleg. Det tar lang tid før det ligg føre eit eventuelt pålegg. Pasientryggleiksarbeidet ute i tenestene vil derfor bli betydeleg forsinka. Dette samsvarer ikkje med formålet.

Mynde til å gi pålegg om retting til verksemder bør derfor ligge både hjå statsforvaltaren og Statens helsetilsyn.

Når mynde til å gi fagleg pålegg (om kompetanseheving) overfor helsepersonell kan bli hjå statsforvaltaren er det ikkje godt samsvar i reglane viss pålegg om retting i verksemder berre ligg hjå Statens helsetilsyn. I den samanheng viser vi til kommunelova § 30-4 første ledd, der kompetansen til å gi pålegg om retting på andre område er lagt til statsforvaltaren.

Pasientar og brukarar må kunne få svar frå verksemda og helsepersonell

I framlegg til ny pasient- og brukarrettslov § 3-2 a står det: «Pasienten eller brukeren skal få svar på henvendelser om kvalitet og pasientsikkerhet.»

Ordbruken er vanskeleg å forstå og vi tilrår derfor at ordlyden blir presisert.