🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Endring av forskrift om bærekraftig skogbruk - Forslag om å forby grøft...

Ullensvang kommune v/landbrukskontoret

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Ullensvang kommune har ikkje merknader i høve endringsframlegget så lenge det berre har verknad for dei forsumpa uproduktive skogareala. Me vil likevel merkja at stundom kan det vera andre areal, både skog og jordbruksareal, og i nokre tilfelle landbruksvegar og/eller turvegar/stiar, som vert påverka av at grøfter ikkje lenger vert vedlikehaldne. Ei grøft som er omgjeven av uproduktiv skog, og som ikkje vert vedlikehalden, kan medføra utilsikta forsumping av andre produktive areal. Det bør difor opnast for at kommunane, som ofte sit med god lokalkunnskap om areala, kan dispensera frå regelen. Me føresler at dispensasjon bør kunna gjevast når ein ser at eit forbod kan få utilsikta konsekvensar for andre produktive areal