🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Oppdatering av klimalovens klimamål for 2030 og 2050

Bjørnafjorden kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Oppdatering av klimalovens klimamål for hhv 2030 og 2050 - høyringsuttale frå Bjørnafjorden kommune

For lokale myndigheiter, som står i spennet mellom lokale vekstambisjonar og sentrale klimamål, så er det avgjerande at lovverket er i samsvar med og såleis understøttar nasjonale klimamål. Det må vere blant dept. og direktorat sine aller fremste oppgåver å sikre at nasjonal politikk kjem tydelig til uttrykk i relevante og oppdaterte lover og forskrifter. Lokale myndigheiter mister dyrbar tid i sitt klimaarbeid når ein stadig må overvinne lokalpolitisk skepsis til oppgåver og prioriteringar som ikkje er lovpålagte. Naturvitenskaplege fakta settast òg i stadig større grad på prøve av meir eller mindre underbygde påstander, som gjer det ekstra utfordrande lokalt å effektuere/implementere nasjonale strategiar for lokale klimatiltak. Slike er som kjent ofte i strid med lokale folkevalde sine ønskjer om vekst og utvikling, som nok i stor grad ser slik utvikling i eit tradisjonelt og noke begrensande lys. Sentrale myndigheiter sine forventningar, planar og strategiar er retningsgivande for det arbeidet som vert gjort lokalt. Ved å lovfeste klimamåla vil dei stå fram som forpliktande og uangripelege, og slik vere direkte avgjerande for i kva grad lokale myndigheiter kan bidra i eit felles arbeid om å redusere dei nasjonale klimagassutsleppa.

Arne-Richard Stadaas Klima- og miljøansvarleg Bjørnafjorden kommune