Lovforslaget strir mot grunnleggjande menneskerettar om forsamlingsfridom og mot ytringsfridomen slik den kjem til uttrykk i grunnlova. Regjeringa bryt med den skandinaviske tradisjonen om at dei fleste har høg grad av tillit til dei folkevalde. Lovforslaget set denne tilliten, og dermed demokratiet på spel. Koronasituasjonen rettferdiggjer ikkje eit slikt dramatisk tiltak. Bylgje 2 og 3 kom heilt som venta, og det er likevel ikkje meir enn 120-130 innlagde på sjukehus til ei kvar tid. Til samanlikning har Tyskland, som hadde dobbelt så høge smittetal, ikkje sett behov for å utgreia portforbod. I Danmark er eit liknande forslag alt teke tilbake. Frå eit fagleg standpunkt er det å sei at det er færre døde enn normalt, vi som jobbar på sjukehus merkar det godt. Gravferdsbransjen har paradoksalt så lite å gjera at dei lyt søkja statleg støtte.
Eg vil som privatperson og som fagperson - lege og geriater - rå regjeringa om å leggja dette framlegget i skuffa, og heller bruka dei mange tiltaka som alt finst i smittevernlova.
Eg vil som privatperson og som fagperson - lege og geriater - rå regjeringa om å leggja dette framlegget i skuffa, og heller bruka dei mange tiltaka som alt finst i smittevernlova.