🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring- NOU 2020:12 – Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokals...

Sogndal kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsinnspel til NOU 2020:12 – Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn

Sogndal kommune er ein av kommunane som utgjer regionen Sogn i Vestland fylke. Kommunen er nyss samanslått, har omlag 12 000 innbyggjarar og er størst i regionen. Kommunen er i vekst og gjer det godt på nasjonale målingar - tal frå SSB viser at Sogndal vil vere ein av kommunane i Vestland med størst befolkingsauke fram mot 2050. Kommunen vil også ha ei av dei yngste befolkningane i landet.

Kommunen er likevel vel vitande om at ei slik utvikling ikkje kjem av seg sjølv. Også omlandskommunane må ha ei positiv utvikling for å mellom anna sikre rekruttering av rett kompetanse til næringslivet .

Sogndal kommune som regionsenter ynskjer å strekke seg for å vere ei drivkraft for satsingar og samarbeid mellom kommunane som kjem heile regionen til gode. Dette er i tråd med anbefalingane i NOU 2020:12, som mellom anna peikar på at auka samhandling mellom kommunar for å utvikle felles arbeids- og fritidsregioner vil kunne gi langsiktige vekstutsikter for næringslivet i distrikta.

Sogndal kommune ynskjer å peike på at dersom regionsentera skal kunne ta ei førande rolle i regionane, må regionsenterkommunane styrkast. Dette kan gjerast gjennom statleg finansiering av ei slik koordinerande rolle, gjennom til dømes søkbare midlar. Partnarskap mellom kommune, regionale og statlege myndigheiter vil vere viktig.

Sogndal kommune meiner vidare at kommunar som er slått saman bør få behalde den lågaste arbeidsgjevarsatsen frå dei tidlegare kommunane. I tillegg til å vere viktig for ei positiv utvikling av næringslivet i distrikta så vil det kunne vere eit presist, effektiv og målretta bidrag til at kommunar får utvikla regionssenterrolla på ein god måte.

Tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse er ei stor utfordring for næringsliv og offentleg verksemder i distriktskommunar. Sogndal kommune vil særleg støtte oppunder at kommunane må koplast tett på samarbeidet mellom næringsliv, utdanningsinstitusjonar, fylkeskommune i arbeidet med kompetansepolitikken. Eksempelvis gjennom sine regionråd eller andre regionale partnarskap. Det vil styrke regionale løysingar og samarbeid om kompetansetiltak, og sikre heilskap i det regionale utviklingsarbeidet. Tiltak som kan gjere det enklare for bedriftene å investere i opplæring og kompetanseheving for tilsette bør prøvast ut. Det må satsast på sterke utdanningsstader i distriktsregionane, som kan tilby breie og samanhengande utdanningstilbod, og som har handlingsrom til å vere ein utviklingsaktør i sin region.

Eit verdiskapingsprogram for private verksemder med høg andel av høgare utdanna meiner vi er eit godt tiltak, som også bør sjåast i samanheng med tilsvarande behov hjå offentlege verksemder. Å rekruttere folk til spesialiserte stillingar og arbeidsområde er krevjande, både for private og offentlege verksemder. Ei anna stor utfordring er også rekruttering av leiarar. Dette blir verksemder og næringsliv i distrikta ofte møtt med, som argument for at anna lokalisering blir valt. Sogndal kommune meiner at stat og region må bidra i lokale partnarskap, for å styrke talentutviklinga i verksemdene, både private og offentlege. I Sogndal har ein hatt stor suksess med vidareutdanning innan oppvekst/skulesektoren, også når det gjeld leiarar. Rekruttering eksternt må også til, men over tid vil mange verksemder også måtte omstille og satse på eigne ressursar, inkludert drive systematisk leiar- og talentutvikling. Dette er tiltak som bør støttast opp om.

Utvalet sine vurderingar kring offentlege verksemder og lokalisering er svært viktige. Spreiing av arbeidsplassar for folk med høgare utdanning er viktig for å skape ein variert arbeidsmarknad, som bidreg positivt til busetjing og næringsutvikling i distrikta. Eventuelle omorganiseringar eller flytting av offentlege verksemder må styrke, ikkje svekke allereie godt fungerande kompetanseklynger i distriktsregionane. Vidare bør dei offentlege verksemdene gjevast rom og verkemiddel til å bidra inn i arbeidet med å styrke og vidareutvikle dei regionale kompetansemiljøa. Sogndal kommune er vertskapskommune for ei rekkje offentlege verksemder, og har erfaringar med kor viktig det er å tenkje heilskap kring utvikling og ivaretaking av slike klynger. Det gjev ikkje meir regional kraft om eksisterande klynger i distriktsregionar blir bygde ned, for at andre regionsentra skal byggast opp.

Sogndal kommune meiner at det må leggast til rette for ei styrking av kunnskaps- og kompetansemiljøa i dei ulike regionane i landet. I Sogndal kommune har vi fleire sterke kompetansemiljø, mellom anna på Campus Sogndal og på Leikanger. Vi tek gjerne i mot besøk frå kommunal- og moderniseringsministar og næringsministar for å syne fram desse kompetansemiljøa.

Utvalet peikar på at tilgangen til gode infrastrukturløysningar påverkar næringslivet si konkurransekraft. Gode vegar som bind felles bu- og arbeidsmarknader tettare saman er viktige, både for produktiviteten i næringslivet og innbyggjarane sin trivsel, tryggleik og livskvalitet. Ei forstørring av bu- og arbeidsmarknadsregionane gjennom ei auka satsing på samferdsle vil vere heilt essensielt for å sikre næringslivet i distrikta. Like viktig er digital infrastruktur. Sogndal kommune vil særleg trekke fram at alle må sikrast god digital infrastruktur. Der det ikkje er grunnlag for marknadsmessig utvikling, må det offentlege gå saman i forpliktande samarbeid, og med leveringsplikt.

Avslutningsvis vil vi peike på at distrikta spelar ei viktig rolle i det grøne skiftet. Det må løne seg lokalt å bidra globalt. Det må vere gode og føreseielege rammevilkår knytt til omstilling, og det er naudsynt at statlege myndigheiter i endå større grad bidreg kring store løft knytt til grøn infrastruktur. Mellom anna vil stimulering gjennom offentlege innovative kjøp m.m. vere viktige tiltak framover.

Sogndal kommune v/ ordførar Arnstein Menes