1. Stad kommune ser på NOU 2020:12 som eit godt kunnskapsgrunnlag for ein styrka innsats inn mot næringsutvikling i distrikta.
2. Næringsutvikling og lokalsamfunnsutvikling heng saman, og politiske verkemiddel og tiltak på desse områda må henge saman. Samfunnsutviklinga må leiast nær der utviklinga skal skje. Kommunane si rolle er difor heilt sentral, og kommunane bør ha større ansvar og handlefridom enn i dag.
3. Stad kommune støttar synspunkta i rapporten at grøn næringsutvikling innanfor mellom anna industri, maritim sektor, havnæringane, jordbruk, skogbruk og reiseliv, kan bidra til å redusere regionale, nasjonale og globale klimautslepp i tillegg til å skape store verdiar i distrikta. Dersom tilrådingane frå Distriktsnæringsutvalet vert følgd frå nasjonalt hald, kan det medverke til auka innsats for grøn omstilling og framtidsretta arbeidsplassar i distriktsnæringane, med levande og berekraftige lokalsamfunn som resultat.
4. Stad kommune merkar seg at utvalet innanfor samferdsle/transport, særleg peiker på effekten av samferdsleinvesteringar som knyter saman kommunar og skaper større funksjonelle bu- og arbeidsmarknadsregionar, også i distrikta. Rapporten peikar også på at «..bo- og arbeidsmarkedsregioners egenskaper er viktigere for bedrifters lokalisering, vekst- og utviklingsmuligheter enn enkeltkommuners rammebetingelser og egenskaper.»
8.1.5). Stad kommune meiner dette må vere ei viktig føring for prioriteringar og ambisjonsnivå i ny Nasjonal Transportplan.
5. Rapporten syner til at planlegging etter plan- og bygningslova er eit viktig verktøy for samfunnsutvikling, og at god planlegging bidrar til å fremje næringsutvikling (kap 8.2). Utvalet syner her til Riksrevisjonen sin rapport frå 2018 som syner at regionalt planforum i for liten grad bidreg til å samordne interesser og redusere tal motsegn mot kommunale planar. Det blir her særleg peikt på at Fylkesmennene si rolle – ved at deira samordning av motsegner ikkje sikrar nok openheit og føreseielege planprosessar. Stad kommune støttar dette, og opplever dette som særleg problematisk knytt til utvikling av bygdene og mindre stader i Stad samt forvalting av sjøområda. Plansystemet har mange moglege forseinkande element som ofte handlar om detaljar og ikkje dei store strategiske spørsmåla i planarbeidet. Lov og forskrifter må adressere desse problemstillingane og legge til rette for ein effektiv planprosess, med rom for innovasjon og strategisk tenking.
6. Distriktsnæringsutvalet peiker på at spreiing av arbeidsplassar for folk med høgare utdanning er viktig for å skape ein variert arbeidsmarknad som kan bidra positivt til busetnad og næringsutvikling i distrikta. Utvalet meiner difor at desentralisert lokalisering av offentlege institusjonar er viktig også for å lukkast med næringsutvikling i distrikta, og gir følgande konkrete tilrådingar:
· Ved oppretting av nye statlige virksomheter, strukturendringer eller omlokaliseringer av eksisterende virksomheter må vurderinger av lokaliseringspolitiske hensyn tillegges langt større vekt enn det som har vært tilfellet fram til i dag. Det må legges betydelig vekt på lokalisering i regionale sentra, der virksomhetene har størst potensial til å bidra til det lokale til-budet av arbeidsplasser, både med hensyn til omfang og bredde.
· Utvalget støtter regjeringens innstramming som gjør at direktorater og etater ikke lenger kan legge ned statlige kontorer uten aksept fra regjeringen. Dette ut fra en erkjennelse av at en må unngå at enkeltsteder rammes urettmessig hardt når statlige arbeidsplasser flyttes eller legges ned.
· Det er en styrke for statlige tilsyn, etater og direktorater å være lokalisert sammen med sterke næringsmiljøer i ulike deler av landet. Dette kan også gi vekst i forretningsmessige tjenestenæringer i distriktene. Det bør utvikles en politikk for smart spesialisering der statlige virksomheter som er knyttet til enkeltnæringer, plasseres i regioner der næringen de fører tilsyn med, også er godt representert. Dette kan bidra til bosetting og verdiskaping og til å utvide lokale kompetansemiljøer knyttet til lokal ressursforvaltning og næringsgrunnlag.
· Positive og negative geografiske virkninger bør synliggjøres før det fattes beslutninger om lokalisering av statlige virksomheter. Utvalget mener at konsekvensene av endret tilgang til statlige tjenester for næringslivet i distrikts-områder bør være en del av beslutningsgrunn-laget i store reformer.
Stad kommune meiner dette er svært viktige tilrådingar frå Distriktsnæringsutvalet. Retningslinjer og vegleiarar for lokalisering av statlege arbeidsplassar må spegle utforminga og ambisjonane i distriktspolitikken. Digitale plattformar gjer det enklare med desentraliserte modellar og desentralisering av statlege arbeidsplassar. Det er viktig med ein tydeleg overordna politikk som legg føringar for dette, for å unngå at etatar, direktorat etc. ikkje forseinkar eller er til hinder for utflytting og desentralisering.
Vi syner her særskilt til pilotprosjektet «Statens Hus i Stad», som kan vere ein føregangsmodell i korleis staten i praksis kan kome vidare på dette området opp mot funksjonelle bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikta, og med det også legge til rette for