NOU 2020:12 er eit nyttig kunnskapsgrunnlag for næringsutvikling i ein kommune som Voss herad. Den får fram at næringslivet i distrikts-Noreg er viktig for landet, men at distriktskommunane har ein del utfordringar som skil dei ifrå bykommunar. Nokon av utfordringane skuldast strukturelle tilhøve som kommunane ikkje kan påverka sjølve, andre kan kommunane sjølve ta tak i. NOU 2020:12 peikar på mange gode tiltak både for nasjonalt og lokalt nivå.
Voss herad ynskjer å framheva desse tema som særleg viktige:
1. God infrastruktur som føresetnad for utvikling i distrikta
2. Koronakrisa og konsekvensar for reiselivsbygda Voss
3. Lokalisering av statlege arbeidsplassar
4. Korleis sikra rett kompetanse i distrikta
5. Grøn omstilling – klima og klimatilpasning
6. Fylkeskommunen si rolle
7. Om plansystemet er hemmande for lokal næringsutvikling
8. Om finansiering av kommunesektoren bidreg nok til næringsutvikling – refleksjonar knytt til hyttekommunar
1. Om god infrastruktur
God infrastruktur er avgjerande for distrikta og for næringsutviklinga her. Dei store gjennomfartsårene, både veg og bane er viktig, men og intern infrastruktur i kommunen. God infrastruktur gjer det enklare for folk å flytte på seg, reisa til viktige målpunkt som større byar, flyplassar osb. God infrastruktur til viktige målpunkt er positivt med omsyn til at folk då ynskjer å bu i distriktet. Det er og viktig for tilgang på arbeidskraft og kjøpekraft i distrikta. Prioritering av viktige infrastrukturårer er avgjerande og kommunane må fylgje opp med god lokal infrastruktur og overordna planlegging. For Voss herad er det særleg viktig at K5, ny E16/Vossabana, Arna-Stanghelle vert innlemma i fyrste del av NTP 2022-2025
Distrikta må leggje til rette for attraktive stader å bu og arbeida. Gode støtteordningar for å drive god by/bygdeutvikling er viktige verkemiddel i så måte.
Voss herad er ei bygd prega av tradisjonelt landbruk, produksjon av kortreist mat og handverk, bygg – og anlegg og reiseliv. Me er eit regionsenter i Indre Vestland - eit trafikknutepunkt, handelssentrum for nabokommunar og vertskap for vidaregåande skular. Me er hyttebygda, bygda som husar Ekstremsportveko, Vossajazz, Voss Cup og Osafestivalen. Me er bygda som tek imot gjester frå inn- og utland i hopetal kvart år. Me er bygda der reiselivsaktørane tør å satsa og tenkja stort - noko Myrkdalen Fjellandsby, Voss Gondol og nye Scandic Voss vitnar om. Koronapandemien har råka Voss herad hardt. Sjølv om Noreg har kome rimeleg godt ut av sjølve smittesituasjonen er kostnaden for privat næringsliv høg. I Voss herad er det særleg reiselivet som er råka, men òg andre næringar som handel, transport, sørvis, servering og kulturliv. Private arbeidsplassar i vårt distrikt har ein stor verdi for busetnadsmønsteret. Reiseliv bidreg til mange arbeidsplassar, eit attraktivt lokalsamfunn og gjev store ringverknader for anna næringsliv.
Trass i at smitten er på veg ned og vaksineringa kjem i gang på nyåret, vil eigenkapital for mange vera brukt opp og framtida uviss. Arbeidstakarar og bedriftseigarar er uroa over at 2021 vil bli eit verre år enn 2020. Kompensasjonsmidlar og lån er framleis viktig, samstundes bidreg det berre til å halda verksemdene i live. Situasjonen no er at reiselivsnæringa blør. Mange stader er ein tilbake til situasjonen som oppstod i mars 2020. Uroa er stor, og konsekvensane kan bli katastrofale for næringa, sysselsettinga, distrikts-Noreg og for potensialet til å ta imot gjester når koronasituasjonen er over.
Me er no i januar månad, og ser at det meste av Innovasjon Noreg sine løyvingar for 2021 allereie er brukt opp. Dette gjeld ikkje minst innanfor tiltak som gjeld omlegging til lausdrift, noko som om få år vil vera eit krav for alle som skal driva vidare med storfe. Omlegging til lausdrift er kostnadskrevjande tiltak for det einskilde gardsbruket, og midlar frå Innovasjon Noreg er for mange heilt avgjerande for å kunna satsa vidare. Med dagens omleggingstakt, vil næringa ikkje nå målkravet innan 2034. Auka midlar til Innovasjon Noreg på dette området vil gjera det mogleg å auka takta i omlegginga til lausdrift. Dersom slik auke skjer no, vil det i tillegg ha ein særs positiv tilleggseffekt, i form av nye byggjeprosjekt i distrikta, som kan gje arbeid til fleire i ei tid der mange distriktskommunar, som Voss, opplever større arbeidsløyse enn på lenge. Ekstra tilskotsmidlar til landbruket i denne situasjonen kan såleis bidra til reell vekst og verdiskaping innanfor fleire bransjar.
NOU 2020:12 peikar på at den delen av reiselivet som i stor grad rettar seg mot utanlandske gjester risikerer langvarig tilbakeslag av pandemien. Reiselivet er motoren i næringslivet i vår region og internasjonale gjester utgjer heile 70% av samla besøk. For å skapa merksemd om trong for støtte til norsk reiseliv, sendte Voss herad ein appell til sentrale styresmakter i desember 2020. I appellen peikar Voss herad på fem særlege tiltak som bør prioriterast for å støtta opp om reiselivsnæringa:
- Etablera eiga ordning der reiselivsnæringa får lønstilskot.
- Utvida gjeldande ordning knytt til permitteringsreglar.
- Støtta initiativ frå Virke om å restarta reiselivet.
- Støtte til ei generell auke i nasjonal og internasjonal marknadsføring.
- Utvida gjeldande kompensasjonsordning til hotell – og overnattingsstadar som ikkje har heilårsdrift.
3. Om statlege arbeidsplassar
Under « bidrar næringslivet til sentralisering (kapittel 9.1.) » står: « Ved oppretting av nye statlige virksomheter, strukturendringer eller omlokaliseringer av eksisterende virksomheter må vurderinger av lokaliseringspolitiske hensyn tillegges langt større vekt enn det som har vært tilfellet fram til i dag. Det må legges betydelig vekt på lokalisering i regionale sentra, der virksomhetene har størst potensial til å bidra til det lokale tilbudet av arbeidsplasser, både med hensyn til omfang og bredde .»
Voss herad støttar dette punktet, og at positive og negative geografiske verknader bør synleggjerast innan det vert bestemt kvar statlege verksemder skal liggja. Statlege arbeidsplassar i distrikta sikrar ei større breidde i arbeidslivet og desentraliserer kompetansearbeidsplassar. Slik vert det mogleg for familiar å flytta til distriktet då det betyr at det er lettare for begge å få jobb. Berre i Voss herad har tal statlege arbeidsplassar vorte redusert med 60% dei siste fire åra ( frå 227 i 2016 til 137 i 2019).
Voss herad vil i den samanhengen visa til at me har fleire døme på at det er mogleg å etablera seg, sjølv der ein krev høg kompetanse. Innan statleg sektor vil me visa til Vegtilsynet. For om lag sju år sidan vart Vegtilsynet etablert på Voss. Eit tilsyn som hadde trong for høgt utdanna arbeidskraft som skulle bygga opp eit heilt nytt tilsynsfelt. Ved etableringa var det uro for om ein på Voss kunne rekruttera den kompetansen som ein hadde trong for. Ville høgt utdanna søkja jobb på Voss? For å svara på spørsmålet, rekrutteringsutfordringane var fiktive utfordringar! Me er sikker på at slik vil det vera for dei aller fleste etableringar.
Eit mantra i digitaliseringsarbeidet har vore at det opnar for desentralisering. Med eit velfungerande digitalt nett og digital kompetanse er det blitt lagt til rette for at ein kan jobba kor som helst. Arbeidsplassane kan ligga i ulike delar av landet. Kompetansemiljø kan etablerast sjølv på mindre plassar. Digitalisering opnar opp for desentralisering.
Vidare legg digitalisering og teknologiutvikling til rette for at ein kan kopla kontaktar innan sitt nettverk i heile verda uavhengig av kor du bur eller kvar arbeidsplassen din ligg. I dette ligg det ein enorm fleksibilitet. Me kan legga arbeidsplassar til område som er attraktive òg utanom jobb. Det kan lokka arbeidstakarar heimatt, eller det kan motivera nye til å flytta til spennande område utanfor dei meste sentraliserte områda i landet.
Ut får dette perspektivet kan me snu heile tittelen til NOU’en – frå « Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn » til « Levende og bærekraftige lokalsamfunn sin betydning for næringslivet ». Ein slik tankegang vil gjera at me kan ta i bruk alle ressursar me rår over i landet vårt!
4. Om rett kompetanse
Utredninga konkluderer mellom anna med at næringslivet i distrikta manglar, og vil koma til å mangla arbeidskraft med relevant kompetanse. Ungdommen flytter i stor grad til byane og meir sentrale strok. For å sikra seg kompetent arbeidskraft i framtida må småstadane vere attraktive for ungdommen. Det står « Et variert tilbud av møteplasser, handel, tjenester og kulturaktiviteter påvirker småbyenes attraktivitet og konkurransekraft, og mangel på et levende sentrum med uformelle møteplasser og sosiale rom kan være en utfordring på mindre steder (Ruud, Schmidt, Sørlie, Skogheim & Vestby, 2014 ).» s. 81. I innleiinga til tilrådingane i kapittel 9 skriv utvalet: «Utvalget peker på at hvis vi vil endre unges bostedspreferanser, må vi forstå hvorfor de handler som de gjør. Dette krever grunnleggende kunnskap om deres verdier, holdninger, interesser og motiver. En rekke forhold kan påvirke individuelle valg av bosted. Det kan for eksempel være tilgang på jobb for seg selv og partneren, fritidstilbud, tilgang på skole og barnehage, boligmarked, kulturtilbud og holdninger i lokalsamfunnet som sådan (s.170) …Unges bostedspreferanser påvirkes blant annet av tilgang til typiske urbane tilbud som et variert arbeidsmarked, et godt kulturtilbud og sosiale møtesteder» (s. 171).
Når utvalet kjem med tilrådingar for å demma opp for utflytting og sentraliseringstendensen som hinder for utvikling av næringslivet trekkjer dei i hovudsak fram betydninga av desentralisering av statlege arbeidsplassar og lokalt utdanningstilbod på høgskulenivå. Voss herad meiner at utvalet ikkje i tilstrekkeleg grad tek vidare føresetnadane om utvikling av møteplassar, kulturtilbod og sentrumsutvikling når utvalet kjem med tilrådingane sine. Når dette er ei så tydeleg preferanse for dei unge sitt bustadsval, burde tiltakslista fanga dette opp og det burde vore peikt på særlege satsingar også på desse områda. Samla ville då tiltaka, med øyremerka og spissa tilskot, kunna verta nyttige verkemiddel for å byggja opp under regionale sentra med ein viss avstand til bysentrum.
Næringslivet i distrikta kan verte lite differensiert, med nokon hovudbransjar. Koronapandemien har synt oss at dette kan gjera ein kommune meir sårbar ved kriser. For at næringslivet skal bli meir robust og har fleire bein å stå på er det viktig å styrka støtte til innovasjon og etableringsstøtte, bidrag til digital infrastruktur der private ikkje gjer det og at vidareutdanning kan gjennomførast lokalt.
Voss herad støttar konklusjonane i kapittel 9.3. om å sikra tilgang til kompetent arbeidskraft i distrikta og ser fram til at dette vert arbeidd vidare med. Distrikta står overfor ei reell utfordring med å sikra nok folk med rett kompetanse framover. Innan helse og omsorg er det allereie knappheit på sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar og andre helsefagutdanna og privatpraktiserande fastlegar, denne utfordringa har både by og distrikt. Det vert ressurskrevjande for distriktskommunane dersom dei skal bruka individuelle insentivordningar for å tiltrekkja seg rett folk. Det bør difor vurderast nasjonale stimuleringsordningar og tiltak for å sikra tilstrekkeleg kapasitet i framtida.
I tillegg er det viktig å undersøka kvifor det er så mange som utdannar seg innan helsefag som vel å slutta i desse jobbane og gå over i andre bransjar. Det er store kostnader med utdanningane, og det er viktig å leggja utdanningsløpa opp på ein slik måte at ein kjenner verkelegheita når ein kjem i arbeid. Generelt sett er det også viktig at utdanningsinstitusjonar legg til rette for desentraliserte utdanningstilbod. Erfaringa vår er at det er stor vilje til å få dette til, men at finansieringa av tilbodet vert ein flaskehals. Det bør setjast av midlar til videoutstyr og standard lisenspakker/løysingar for raskt å kunna gjennomføra dette. Dette kan vera regionale midlar som kvar utdanningsinstitusjon søkjer om ved behov. Kva rolle kommunen skal ha i desse tilboda lyt avklarast.
Voss herad har tufta kommuneplanen på FN sine berekraftsmål og ynskjer å bidra til å redusera klimaavtrykket. I Voss herad ligg alt til rette for at alle kan få sterke opplevingar gjennom natur, lokal kultur og tradisjon. «Det grøne skiftet» kan ta Voss vidare, både som reiselivsbygd og med tanke på nyskaping og utvikling i næringslivet elles. NOU 2020:12 peikar på at norsk kraftsektor i all hovudsak er lokalisert i distrikta, og at vasskraft produksjonen bidreg til grøn næringsutvikling i Noreg. Å leggja til rette for å nytta meir kraft der den vert produsert vil kunna vera stimulerande for lokal næringslivsutvikling. Grøn omstilling handlar og om å legga til rette for at grøn omstilling vert mogleg. Innan landbruket veit me at nye produksjonsmetodar og grøn om stilling har stort potensial for å få ned klimagassutsleppa og for å få eit berekraftig landbruk. For å lukkast med dette må det og bli lønsamt for bonden å legga om drifta si, slik at berekraftig drift vert attraktivt.
Voss herad er samd når utvalet seier: Utvalet registrerer at det er stadig mer politisk debatt og stadige utredninger om beskatning og fordeling av naturressursbaserte inntekter, både spesielt og som del av det totale inntektssystemet. Det trengs forutsigbarhet slik at berørte lokalsamfunn kan gjøre sine vedtak basert på langsiktighet. Det som mange kommuner opplever som stadige omkamper om de samme inntektene er uheldig for utvikling av naturressursbaserte næringer.
Som vestlandsbygd opplever Voss at ekstremvær i form av flaum, skred og ras inntreff oftare enn før. For på best mogeleg sett å trygga både folk flest, næringslivet og biologisk mangfald lyt kommunen prioritera klimatilpassing i framtidig planlegging og utbygging. Somme av klimatilpassingstiltaka vil krevja støtte frå sentralt hald dersom dei skal kunna realiserast. Statlege klimasatsmidlar må aukast slik at kommunane får gjennomført klimatiltak slik at nasjonale og lokale klimamål vert nådd. Dette gjeld også stønad til lokale biogassanlegg for handtering av gjødsel og matavfall.
6. Om Fylkeskommunen si rolle
Fylkeskommunen har ei viktig regional rolle og kan sjå fleire kommunar samla. Fylket har òg ei viktig rolle når det gjeld å sikra god infrastruktur.
Etter regionreforma har mange fylke fått store områder og mange kommunar å forhalda seg til. For å unngå ei sterkare byråkratisering av næringsavdelingane i fylkeskommunane er det viktig å gje meir ansvar og verkemiddel til kommunane sjølve. Mange kommunar har òg blitt større etter kommunereforma. Dette var nettopp med sikte på å bli betre på samfunns- og næringsutvikling.
Utvalsmedlem Alstrup Velure meiner i tillegg fylgjande: « Kunnskapen om hvordan fylkeskommunene og kommunene samarbeider om næringsutvikling er mangelfull, og bør gjennomgås. På sikt bør regionale utviklingsmidler som i dag forvaltes av fylkeskommunene, overføres til kommuner, interkommunale samarbeid/prosjekter eller regionråd.» Voss herad støttar ikkje at regionale midlar skal overførast til interkommunale samarbeid/prosjekter eller regionråd. Me ynskjer å halda oss til forvaltningsnivåa i lovverket: stat – fylke- kommune.

For å få eit godt utvikla og stabilt næringsliv er det avgjerande å ha gode planar, og at utviklinga blir styrt i riktig retning. Når planhierarkiet er på plass i kommunen, med kommuneplan på toppen, er det eit godt verktøy for all næringsutvikling, både store og små etableringar.
Voss herad meiner det er avgjerande å ha ein god og oppdatert kommuneplan å forvalta etter. Det er avgjerande at nye næringsetableringar vert lokalisert på rett plass. Om nyetableringar er i strid med intensjon og lokalisering i kommuneplanen kan ein på eit vis seia at plansystemet er hemmande for den eine aktøren, men for kommunen som næringsutviklar er denne overordna planen avgjerande. Det er viktig å ha planar som er fleksible og kan tilpassast næringsutvikling. Innanfor landbruksnæringa er det viktig at det blir opna opp for utøving av tilleggsnæringar i landbruksområda.
Dei små næringsaktørane må sjåast i ein større samanheng slik at kommunen samla går i riktig retning og kan bli styrka saman. Har ikkje kommunane nok ressursar til å rullera kommuneplanen kvart 4.år kan det vera hemmande for næringsutviklinga. Støtteordningar for mindre kommunar slik at det kan utarbeidast gode overordna planar kan vere eit viktig verkemiddel. Men det er avgjerande at planen vert utforma i kommunen og ikkje av konsulentar. Erfaring og kunnskap er det kommunen sjølv som har, men det er kapasitet og fagkunnskap til gjennomføring av planen som ofte er problemet. Ei støtteordning for å kunna ha prosjektstillingar i periodar ser me på som gode løysingar.
Det er viktig at kommunane har tilstrekkeleg sjølvstyre til å driva prosessane godt framover.
8. Om finansiering av kommunesektoren bidreg nok til næringsutvikling
I utredninga står: « Hyttekommunene har et høyere brukertall av kommunale tjenester og offentlig infrastruktur enn hva innbyggertallet tilsier. For å sikre bærekraftige lokalsamfunn er det viktig at kommunene kan ivareta sine oppgaver. Det bør derfor vurderes nærmere hvordan brukertall
framfor folketall kan vektlegges mer ved lokalisering, dimensjonering og finansiering av offentlig infrastruktur og offentlige tjenester» (side 181) .
Voss herad tykkjer på generell basis at det er positivt å gjera ei slik vurdering. Når det gjeld brukartal for helse- og omsorgstenestene kan det vera store variasjonar gjennom året med høgst etterspurnad etter for eksempel heimeteneste og legevakt i feriar og høgtider. Dersom brukartal skal takast med i inntektssystemet bør det ikkje føra til omfattande analyse og rapporteringsarbeid for kommunane. Det bør leggast til grunn standardrapportar og datagrunnlag som allereie vert rapportert.
Vidare står det: «Det trengs forutsigbarhet slik at berørte lokalsamfunn kan gjøre sine vedtak basert på langsiktighet» (side 182). Voss herad ser dette som eit viktig og godt punkt, men det er noko uklart kva som er meint. For å sikra forutsigbarhet og langsiktig planlegging er det ikkje ynskjeleg med meir statleg styring eller at inntekter i større grad vert forvalta av staten. Det er viktig at kommunane/distrikta fortsett har forvaltingsmynde og kan utøva reelt lokaldemokrati. Men kommunane treng ressursar og handlingsrom for omstilling og næringsutvikling.