Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Vi uttaler oss samla på vegner av medlemene BUL i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk kultursentrum og Nynorsk pressekontor.
Nynorsk forum er glade for at Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår å fastsetje offisielt nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk og kvensk namn på Noreg. er med på å syne fram språkmangfaldet i landet vårt. Dessutan vil det å gjere landsnamna offisielle gje desse språka og språkmangfald generelt høgare status ved at fleire får kunnskap og medvit om dette mangfaldet. At fleire språk er synlege kan vonleg fjerne fordomar og auke forståinga for rikdomen det språklege mangfaldet er for Noreg. Dette kan òg gagne nynorskbrukarane som eit språkleg mindretal.
Nynorsk forum er positive til fleire språk på skilting ved grenseovergangar. Vi meiner at namna på nynorsk og bokmål i tillegg til nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk eller kvensk i dei områda der det er aktuelt, bør vere standard for grenseovergangar, både til lands, til sjøs og i lufta med.
Vi viser til kapittel 6 om retningslinjene for bruk av offisielle samiske og kvensk namn på kongeriket Noreg. Der skriv departementet i høyringsbrevet at «Siden det ikke foreligger retningslinjer for bruken av Noreg eller Norway mener departementet det er mest hensiktsmessig å heller ikke detaljregulere når og hvordan samiske og kven navn på Kongeriket Norge skal brukes».
Nynorsk forum ønskjer å minne om at Noreg og Norway har ulik status. Noreg er einaste namneforma på landet vårt på nynorsk, eit skriftspråk som er jamstilt med bokmål. Det tyder at Noreg og Norge skal ha same status som offisielt namn, og Norway har anna status som offisielt namn på engelsk. I tråd med intensjonane i den framlagde språklova bør Noreg alltid verte nytta internasjonalt og ved grenseovergangar der Norge vert nytta.
Oppsummert Nynorsk forum er glade for at regjeringa slik følgjer opp dei gode intensjonane i Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk (språklova) og NOU 2016: 18 Hjertespråket med nye konkret tiltak. Vi ventar at dette berre er det første av fleire framlegg for å fremje, styrkje og syne fram språka Noreg har eit særleg ansvar for. Vi bed om at vi alltid vert sett på høyringsliste til spørsmål om språk.
Per Magnus Finnanger Sandsmark sekretær Nynorsk forum/ direktør Nynorsk kultursentrum