🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til endring av lov om forbud mot hold av pelsdyr

Innlandet KrF

Departement: Familiedepartementet
Dato: 21.01.2021 Innlandet KrF Magne Rydland Medlem i fylkesstyret Høyringssvar på «Forslag til endringer i Lov 21. juni nr 65 om forbod mot hold av pelsdyr» Fylkeslaget i Hedmark Kr/Innlandet KrF har i fleire år arbeidd for at pelsdyrbønder skal få ei rettferdig ordning når avviklinga av næringa er politisk vedtatt av regjeringa Solberg, der KrF har Landbruksministeren. Fristen for å levere høyringssvar er 21. januar 2012. Innleiing. I Noreg er det omlag 250 familiar som er råka . Dei er etter kvart heilt utslitne av omkampane og uvissa som har følgd i kjølvatnet etter vedtaket om sanering av næringa, ein lovnad til Venstre for regjeringssamarbeid. Vi har kjempa mot den urett desse bøndene er utsett for i fleire omgangar. Når vi no går inn i ein sluttspurt er det for at næringa og den einskilde pelsdyrbonden treng ei full mobilisering om dei skal nå framtil ei rettferdig ordning. Stortinget skal ha saka oppe til endeleg avgjer før juli 2021. Uttale. Vi ser desse sakene som heilt overordna: Når ein skal fastsetje vederlaget er det eit vilkår at det vert eit reelt val mellom bruksverdi og gjenervervsverdi. Ein rask prosess, utan nye endelause politiske og juridiske omkampar, krev at det er lagt detaljerte føringar for utmålinga av vederlaget. Kompensasjonsordninga må omfatta alle pelsdyrbønder! Det er dokumentert at mange pelsdyrbønder fell utanfor det forslaget som ligg på bordet i dag. Deira lagnad er at dei ikkje hadde ikkje hadde dyr på ein heilt tilfeldig dato. Vi finn det grovt urimeleg at desse framleis ikkje skal omfattast. Regjeringa har sendt ut eit rammeforslag. Her vert ansvaret skuve over først på forvaltinga og vidare på rettsapparatet. Vert dette ståande vil dei einaste føringane vera gjennom rundskriv frå departementet. Dette er ikkje godt nok! Det må leggjast inn detaljar i den lova som skal gjelde! Innlandet KrF meiner at pelsbøndene må få ei individuell handsaming på same måten som andre næringar som staten fjernar eller tar verdiar frå. Difor vil vi krevje at: Den særeigne strukturen i næringa krev konkrete føringa for utmåling av kompensasjonen. Kompensasjonen må relatere seg til ein situasjon som om det ikkje ligg føre eit forbod mot pelsdyrhald. Vederlaget må vera eit uttrykk for bruks- og gjenervervsverdi. Det er bøndene sjølv som må velje mellom metodane ved verdifastsetjinga. Bruksverdien må definerast og fastsetjast ut frå korrekte og reelle kalkylar for skinnprisar, arbeidsforbruk og f ộ rprisar mv. Dei føringane Stortinget gjorde i februar 2020 må vidareførast. Kapasiteten til dei einskilde anlegga må leggjast til grunn og ikkje eit tilfeldig vald dyretal! Gjenervervsverdien skal fastsetjast etter takst, altså ein salsverdi. Prinsippa må følgje av departementet sitt eige rundskriv, brukt ved konsesjonshandsaming, (M-3/2002) Alle pelsdyrbønder må inkluderast! Her skal ein leggje til grunn bønder som hadde anlegg i samsvar med føreskrifta 1. januar 2015. Denne datoen er viktig fordi det er siste dato for tilpassing til nye og kostnadskrevjande utbetringar og investeringar, jf. den nye pelsdyrforskrifta. Staten må dekke kostnadene, påført pelsbøndene, i denne årelange prosessen. Dette kan vera driftskostnader for tomme pelsdyrhus, tapte inntekter av ymse årsaker, renter på lån mm. Målsetjinga må vera at pelsdyrbøndene skal få dekt tapa sine, påført ved at regjeringa sine prosessar har drege ut i tid! Kompensasjonen må ikkje føre til ei skattebør! Det vert opplevd svært urimeleg om pelsdyrbøndene skal verte skatta for ein «gevinst» når ein er tvungen til å avvikla livsverket sitt. Her viser vi til ordningar med skogvern og Naturmangfaldslova der ingen som har «mista» skog har blitt beskatta av vederlaget! Omstillingsordninga må justerast. Denne er ikkje tilpassa pelsdyrbøndene sin særeigne situasjon.. Her må regjeringa møte dei som er frådømt næringa si fordi: Kjøp av ny eigedom/gard er ikkje omfatta. Ein får ikkje støtte til produksjon av gris. Honningproduksjon er ikkje rekna inn. Investering i maskiner er ikkje omfatta. Hamar 6. januar 2021 Magne Rydland Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"