Høyringsinnspel til mellombelse endringar av vallova januar 2021 frå Hareid kommune
I stor grad har departementet lytta til innspela frå kommunane når det gjeld den praktiske gjennomføringa av valet. Hareid kommune var ein av kommunane som bidrog med desse.
Det er likevel eit punkt vi ønsker å påpeike: økonomi.
Vi er glad for at departementet ser at covid-19-pandemien har økonomiske konsekvensar for valgjennomføringa. Vi er likevel litt overraska over formuleringa i kapittel 5 i høyringsnotatet:
«Av endringene som foreslås i dette høringsnotatet, vil utvidelse av perioden det er mulig for velgere i isolasjon å stemme hjemme, kunne innebære merarbeid for kommunene. De øvrige forslagene medfører i seg selv ingen vesentlige økonomiske og administrative konsekvenser for kommunene.»
Det er mange av forslagene i høyringsnotatet som vil ha vesentlege økonomiske konsekvensar.
Det er også konsekvenser av forslaga og pandemien som ikkje er tatt opp i dette høyringsnotatet, som vil få økonomiske og administrative konsekvensar.
Under følger nokre døme og eit forslag som kan gjere det billigare å gjennomføre val.
I alle val til no har hovuddelen av førehandsrøystinga i Hareid kommune skjedd på rådhuset i resepsjonen. Det er dei tilsette i resepsjonen som har vore røystemottakarar innimellom sine vanlege arbeidsoppgåver.
Sidan pandemien slo inn over oss, har rådhuset vore stengt for besøkande utan avtale, då vi ikkje vil ha uvedkomande personar inn i bygninga. Dette trass lågt lokalt smittetrykk. Resepsjonen er heller ikkje eigna til å handtere kø på ein smittevernfagleg måte. Det er rett og slett ikkje plass til meir enn to-tre personar før avstandsråda blir brote. Resepsjonen ligg også midt i rådhuset og tilsette må gjennom resepsjonen for å gå mellom fløyene eller etasjane. Vi har også berre plass til éin røystebås i resepsjonen. Det vil føre til kødanning, særleg når vi no når ønsker at ein større del av dei røysteføre skal røyste før valdagen for å unngå kø 13. september.
Konklusjonen vår er at vi er nøydde til å ha førehandsrøystinga i eit anna lokale. Det fører til at vi anten må ta dei tilsette i resepsjonen (eller andre stader) ut av sine vanlege arbeidsoppgåver i ein lengre periode, eller tilsette nokon andre i prosjektstillingar. Dette er ein ganske vesentleg økonomisk (og/eller administrativ) konsekvens.
Å ta imot førehandsrøyster i resepsjonen er ikkje uvanleg i mindre kommunar. Vi trur derfor at denne utfordringa gjeld mange fleire kommunar enn berre Hareid.
Vi ønsker å utvide førehandsrøystetilbodet framfor å ha to valdagar. I 2019 hadde vi berre to dagar med kveldsope. Eit godt førehandsrøystetilbod vil avgrense kø på valdagen. Kor godt dette tilbodet blir, er eit økonomisk spørsmål. Meir kveldsope kostar meir pengar både i form av overtid og avspasering.
Noko som kunne gjort det billigare å utvide førehandsrøystetilbodet, er at det også i den vanlege førehandsrøysteperioden blir mogleg med berre éin røystemottakar. Då vil røystemottakaren ta imot røystesetel i konvolutt. Prøving/kryssing i manntal og legging av røystesettel i urne kan gjerast etter stengetid dagleg – og då sjølvsagt med to røystemottakarar.
I staden for å ha to røystemottakarar på jobb i 7 timar – til saman 14 – kan du ha éin røystemottakar på jobb i 7 timar (røystemottak) og to på jobb i 30 minutt (prøving, kryssing og legging i urne) – til saman 8 timar. Det er ein reduksjon i ressursbruk på over 40 prosent.
Ei slik løysing vil vere særleg aktuell for mindre kommunar som ikkje har dedikert valpersonale.
Vi ser ingen prinsipiell forskjell på denne løysinga og departementets eige forslag om å tillate éin røystemottakar til ambulerande røystegiving.
I dag har vi utstyr til akkurat dei vallokala vi har hatt dei siste åra. Skulle det bli aktuelt med fleire vallokale, vil vi måtte gå til innkjøp av fleire røystebåser, urner, valkortscannarar med meir.
Vi ser føre oss at vi på valdagen minst må ha eit ekstra lokale for å ta imot personar i karantene fordi dei er nærkontaktar eller har symptom på luftvegssjukdom.
Smittevernustyr til lokalet nemnd ovanfor og generelt smittevernustyr i valgjennomføringa vil også bli ekstrakostnadar. Til dømes kostar mobile, handteringsfrie handspritdispensarar rundt 1000 kroner stk. Vi må ha to til kvar av dei fem vallokala (inn/ut), til saman 10.000 kroner. Når budsjettet på heile valgjennomføringa i 2019 var på om lag 130.000 kroner, så vil vi våge å påstå at eit femsifra beløp i smittevernutstyr er ein vesentleg økonomisk konsekvens.
Vi ber om at ekstrautgifter til valet på grunn av koronapandemien blir dekka inn av staten krone for krone. På den måten vil moglegheita til å røyste trygt og sikkert bli lik over heile landet – uavhengig av kommuneøkonomi og geografiske/demografiske forskjellar.
ordførar/leiar i valstyret