🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til midlertidige endringer i valgloven og kommuneloven som føl...

Hå kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Hå kommune gir sin tilslutnad til forslag til midlertidige endringar i vallova og kommunelova som følge av covid-19.

Me vil alikevel koma med nokre merknader knyta til:

Me er av den meining at det ikkje er nødvendig å ha ein eigen forskriftshjemmel for dette. Kommunen har så langt god erfaring med smittevern og smittevernrestriksjonar i heile organisasjonen.

Hå kommune er av den meining at gjeldande rett framleis må vera vanleg praksis og at ein ikkje bør gå frå det prinsippet. Det er ein tryggleik for valmedarbeidarane å vera to personar, og kanskje spesielt i ein slik unormal situasjon.

Me er positive til at endringane vil gje kommunane meir frihet og fleksibilitet i valgjennomføringa. Frå mars 2020 og fram til dagens dato har me tilegna oss kunnskap om mange praktiske forhold ifm covid-19. Det som er spesielt med valet me skal gjennomføra, er at me har kun eit kort tidsrom å gjera dette på. Det er ingen "angrerett" etter at valting er ferdig.

Kommunane skal og må tilretteleggja for valet med tanke på eit eventuelt smitteutbrot og ein må leggja til rette med smitteverntiltak; dette er ny praksis for oss alle. Alle kommunane i Noreg skal utføra dei same oppgåvene på dei same datoane. Det er av den grunn med glede me merkar oss at det vil bli tilgjengeleg eit sett av praktiske råd. Det er av stor nytte å kunne dela erfaringar og idear.

Me ser og fram til å få ein ferdig utarbeida smittevernveiledar.

Dei føreslegne endringane vi krevja omfattande oppfølging i form av informasjon, opplæring og veiledning.

Opplæring og informasjon til alle som er involvert i valarbeidet vil vera av stor betydning for at me skal kunna gjennomføra årets val med høg kvalitet og tryggleik. Det vil vera til stor nytte for oss at det vert utarbeida informasjonspakker som me kan tilpassa og bruka til veljarane. God informasjon og veiledning ut til veljarane er etter vår meining ein forutsetnad for å få auka valdeltakinga.