Svar frå Sogndal kommune
Høring om gjennomføring av stortings- og sametingsvalget i 2021 – Forslag til midlertidige endringer i valgloven og kommuneloven som følge av covid-19
Sogndal kommune har ikkje hatt høve til å ha høyringa til politisk handsaming grunna kort høyringsfrist.
Sogndal kommune er positive til at det kjem forslag om endringar i vallova og kommunelova som følgje av covid-19, slik at flest mogleg av våre veljarar skal få gi si stemma på ein trygg møte.
Me har desse tilbakemeldingane:

Vallokale
Når det gjeld forslag til endring i vallova §9.3 b om at vallokale kan plasserst utanfor det geografiske området for stemmekretsen, så er det for Sogndal kommune sin del ikkje ei naudsynt endring i vallova. Vår vurdering er at det er mogleg å finne eigna, og fleire vallokale innafor det geografiske området for stemmekretsen.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Planlegging og gjennomføring av valet under covid-19-pandemien vil vera krevjande, det vil føra til auka bruk av ressursar både med personell og økonomi. Vert ein råka av eit lokalt utbrot, der ein får veljarar heime i isolasjon eller karantene, vil dette krevja ekstra høg ressursbruk. Me forventar at denne ressursbruken vert kompensert av departementet.
Dette må og sjåast i samanheng med utvida førehandsstemmeperiode til å gjelde laurdag og søndag og til valdagen kl. 10. Dette vil krevje auka beredskap på personell, transport og smittervernutstyr.