Høyringsfråsegn frå Noregs Mållag til endringar i forskrift til universitets- og høgskolelova
Noregs Mållag stiller seg svært kritisk til at departementet føreslår å fjerne kravet om å gjennomføre språkopplæring i norsk for postdoktorar og stipendiatar som ikkje kan dokumentere ferdigheiter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2.
Det er godt kjent at norsk fagspråk ikkje varetek seg sjølv, og at presset frå engelsk er sterkt spesielt i akademia. Dette kan ein mellom anna lese i Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia som Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet publiserte i 2023. Situasjonen i akademia er slik at ein må gå frå ord til handling og ta tydeleg grep for å gå i møte den store bruken av engelsk i akademia.
Kravet om gjennomføring av språkopplæring i norsk tilsvarande minst 15 studiepoeng innan åremålsperioden er over, er eit tydeleg, men rimeleg krav. Stillingane som har kravet til seg, driv ofte undervisning på bachelor- og masternivå og skal også vere del av eit fagmiljø som har som oppgåve å utvikle norsk fagspråk. Slik er dei også med på å skape språkleg kultur i miljøet dei arbeider, sjølv om dei er tilsette for ein åremålsperiode.
Norsk språk og norsk fagspråk i akademia treng sterke tiltak. 15 studiepoeng eller dokumenterte ferdigheter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2, er langt frå krava ein til dømes møter i helsesektoren. Der bør alle som blir tilsett, kunne dokumentere norsk på B2-nivå, både skriftleg og munnleg. Kravet som er stilt i akademia, gjer at ein kan skape ein kultur der norsk er hovudspråket. Om kravet blir fjerna, er det vanskeleg å sjå for seg at ein kan sikre at norsk er hovudspråk på norske universitet.
Noregs Mållag trur at dei internasjonale talenta sektoren ønskjer å rekruttere til Noreg, har evner til å ta 15 studiepoeng i norsk utan at det går ut over forsking og fullføring av graden.