Fylkesmannen i Rogaland deler utvalet si vurdering om at dagens praksis med overføring av personopplysingar mellom skole og barnehage og mellom skoleslag kan trenge betre heimelsgrunnlag enn det ein har i dag. Barnehagar og skolar genererer mykje personsensitiv informasjon, og som høyringa kommenterer treng barnehagen og skolen å hente inn informasjon for å fatte enkeltvedtak om til dømes inntak og spesialundervisning. Godt heimelsgrunnlag som regulerer innhenting, oppbevaring, vidareformidling og sletting av personsensitiv informasjon vil kunne gje ein meir eins praksis og betre rettstryggleik for den det gjeld.
Fylkesmannen i Rogaland har desse merknadene til dei enkelte kapitla i forslaget utvalet har lagt fram.
Kapittel 3 - Deling av personopplysingar mellom barnehagar, mellom skolar, og mellom barnehage og skole
Fylkesmannen meiner det er særs viktig at nye reglar for deling av personopplysingar på barnehage- og skolefeltet blir sett i samanheng med regjeringa sitt forslag til endringar i forvaltningslova , som tek sikte på utvida høve til slik informasjonsdeling for opplysingar som er underlagt teieplikt. Fylkesmannen ber at ein særskilt merker seg høyringsinnspela frå Barneombodet og Utdanningsdirektoratet her.
I utkastet til deling av personopplysningar skil forslaget mellom deling på barnehageområdet og deling av personopplysingar på skolefeltet. Kort sagt legg forslaget opp til at deling av personopplysningar mellom barnehagar og mellom barnehage og skole krev samtykke frå føresette, medan skolar skal ha eit visst høve til slik deling utan samtykke. Høve til deling utan samtykke skal avgrensast til nærare opprekna føremål. Vi kan ikkje sjå at forslaget drøftar og grunngjev kvifor det skal vere krav om samtykke på nokre område (mellom barnehagar og mellom skole-barnehage), medan andre område (skole) ikkje er underlagt det same kravet.
Fylkesmannen i Rogaland meiner også det vil vere uheldig om ein får ein regel i forvaltningslova som opnar for deling av opplysningar som er underlagt teieplikt, medan ein samstundes får ein regel i opplæringslova eller barnehagelova som set eit tilleggskrav om samtykke frå føresette.
Slik vi ser det taler samarbeidsplikta i oppl. § 13-5, samt plikten til å samarbeide med andre kommunale tenestetilbydarar om fleirfagleg vurdering og oppfølging av elever med spesielle vanskar, for at det er et behov for deling av opplysingar frå barnehagen for at skolen skal kunne utføre sine lovpålagte oppgåver på en god måte. Dette gjeld også deling av sensitive personopplysingar. Vi meiner det ikkje bør stillast eit absolutt krav til samtykke her. Forslaget til ny § 15-10 andre ledd om formålet utgjer slik vi ser det ei tilstrekkeleg avgrensing for kva for opplysningar som kan delast.
Krav til tverrfagleg samarbeid i opplæringslova og høyring om Bedre velferdstjenester for barn og unge som har behov for et sammensatt tjenestetilbud aktualiserer også spørsmål om informasjonsdeling. Våre erfaringar frå dialog med kommunane om tenleg praksis på dette området viser at det ofte er uklart når samtykke frå føresette bør vere et absolutt krav med bakgrunn i reglane om teieplikt, og når det er nødvendig å nytte andre unntak frå teieplikta. Dette kan eventuelt klargjerast i samanheng med regelen i oppl. § 15-8 andre ledd som gjeld behandling av personopplysingar ved tverrfagleg samarbeid.
Forslaget framstår for oss noko uklart når det gjeld omsyn til personvern opp mot reglane om teieplikt og unntak frå teieplikta. Det bør gå klarare fram om ein har meint å fråvike dei generelle reglane og dermed oppstille eigne reglar i særlovane. Dersom særregulering blir vald, må grunngjevinga bak dette komme klarare fram.
Når det gjeld forslaget til reglar i forskrift, § 22A-3 mv., meiner vi det ikkje er formålstenleg med ei uttømmande oppramsing av kva for opplysningar som kan hentast inn. Krava kan gjerne konkretiserast i forskrifta, men som eksempel kan det i tillegg vere relevant å dele opplysningar om til dømes tidlegare utfordringar med mobbing og skolemiljø. Det må slik vi ser det gjerast vurderingar av kva som er best for barnet i det einskilde tilfellet, slik at ny skole kan sikre god oppfølging og tilrettelegging.
Det same vil kunne gjelde deling av opplysingar om spesialundervisning. Også på dette punktet meiner vi det må gjerast nye vurderingar av det absolutte kravet til samtykke og at dette sjåast i samanheng med forslag til nye reglar om unntak frå teieplikt i forvaltningslova. Samtidig kan gjerne lovteksten presisere at samtykke bør vere det generelle utgangspunktet for deling i dei fleste saker.
Kapittel 4.6 Bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i skolemiljøsaker
Fylkesmannen i Rogaland meiner bruk av ikkje-anonyme kartleggingsverktøy i nokre tilfelle er heilt nødvendig å nytte for å avdekke krenking eller mobbing. Fylkesmannen er samd i utforminga av første ledd i utkast til § 22A-5 i forskrift til opplæringslova. Vi kan ikkje sjå at det er behov for å stille spørsmål om negative relasjonar som namngjev elevar som ein del av det generelle førebyggjande skolemiljøarbeidet.
Derimot meiner Fylkesmannen at vilkåra for å bruke ikkje-anonyme undersøkingar med spørsmål om negative relasjonar som namngjev enkeltelevar, er for strenge og kompliserte etter andre ledd. Når det ligg føre mistanke om at ein elev har blitt eller blir krenka, meiner vi at forslaget er utforma slik at det kan gå for lang tid før skolen avdekker krenkingane eller mobbinga. Det kan gå ut over dei mest sårbare barna. Fylkesmannen er samd i at slike undersøkingar berre skal nyttast dersom det ligg føre mistanke om at ein elev blir eller er blitt utsett for krenking eller mobbing. Kravet om at saka skal vere langvarig, uoversiktleg eller komplisert, vil etter vår meining kunne føre til ulik praksis mellom skolane. Fylkesmannen foreslår at desse siste elementa blir strokne, slik at regelen utformast slik:
Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i oppfølginga av ein konkret mistanke etter opplæringslova §§ 9 A-4 og 9 A-5, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.