Mattilsynet finn at dei lokale forskriftene om forbod mot bruk av piggtråd i hovudsak er utdaterte. Som høyringsbrevet peikar på, inneheld fleire av forskriftene reglar som er i motstrid med dyrevelferdsloven § 15. Oppheving av forskriftene vil føre til ei eintydig nasjonal regulering av bruk av piggtråd med heimel i dyrevelferdsloven. For Mattilsynet vil dette gjere kontrollen av piggtrådbruk enklare.
Mattilsynet vil likevel peike på at enkelte av dei lokale forskriftene forbyr all bruk av piggtråd både i innmark og i utmark og har krav om å fjerne gamal piggtråd uansett grad av vedlikehald. Med omsyn på dyrevelferda meiner Mattilsynet at slike lokale reglar er positive og kan vere godt tilpassa lokal beitebruk. Vi forstår høyringsbrevet slik at kommunane framleis kan vidareføre eller oppdatere lokalforskriftene om dei så ynskjer. Mattilsynet har ikkje innvendingar mot dette.
Mattilsynet, hovudkontoret
Seksjonsleiar dyrevelferd