🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til forskrift om tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylm...

Malin Standal, aktivitetsansvarlig ved Solbakken asylmottak, svarer på vegne av Florø Røde kors

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Flora Røde Kors, som er ein viktig samarbeidspartner for Solbakken asylmottak, har to innspel om distribueringen av tilskuddet til aktivitetstilbud for barn i asylmottak. Her er dei to innspela: Vi registerar eit behov for å gjere ting saman som familie, som t.d. bowlingturar. (NOSFO hadde også kjekke turar) Vi trur også at det kan vere vanskeleg å få til berre barne og ungdomsaktivitetar for berre denne gruppa i starten, før organisasjonane har fått oppretta eit tillitsforhold til foreldre/føresette.

Vår anbefaling er å ha ein kombinasjon av aktivitetar for barn og unge gjennom allereie etablerte fritidsaktivitetar og opne møteplassar for alle i lokalsamfunnet. I tillegg er det fint å ha eigne møteplassar for barn og unge på asylmottaket, men at vi også kan ha aktivitetar for heile familien.

Med vår lange erfaring frå FERIE FOR ALLE i Røde Kors, veit vi at felles opplevingar for heile familien er undervurdert og gull verdt, uansett om man får opphald eller får avslag på sin asylsøknad.

Signering frå Silje Søtvik, Flora Røde Kors omsorg