🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Forskriftsfesting retningslinjer for tilskuddsordning for lokal kompetans...

OMEP Norge

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
OMEP Norge, Verdensorganisasjonen for små barns oppvekst og danning

gir følgjande høyringssvar:

OMEP sluttar seg til det framlagte dokument, med følgjande kommentarar:

· Høyringsnotatet har ein del uklåre språklege vendingar og omgrep som må gjerast klårare, og dermed sikre at ansvaret til dei ulike rollene blir tydeleg.

Slik det går fram av høyringsframlegget kan dette føre til at den med sterkast definisjonsmakt får råde i for stor grad.

OMEP meiner det leggjast føringar på at regionale universitet og høgskular skal prioriterast framfor andre "eksterne" fagmiljø, så lenge det ikkje er særskilt grunnlag for å fråvike dette. Dette blir ei vurdering som bør gjerast i regionalt samarbeidsforum.

Deltaking i kompetanseordninga vil krevje tydeleg leiing både lokalt og regionalt. Barnehagar slit no med at dei ikkje får kontinuitet innad i den enkelte barnehage som deltek i regional kompetanseprosjekt.

· I forslaget er PBL og Fagforbundet spesielt nemnt som deltakarar i regional gruppe. Dette er OMEP sterkt imot å forskriftsfeste. OMEP foreslår at ingen blir nemnt spesielt, men vurdert i kvar region.

· OMEP meiner at rapportering fører til at lokale styringsgrupper blir gjort ansvarlege når rapportering skal sendast til samarbeidsgruppa i fylket. Det er ein fordel at samarbeidsgruppa i fylket gir tilbakemelding på rapport til lokale styringsgrupper for vurdering av måloppnåelse.

· OMEP meiner det skal vere mogleg å ha fleire samarbeidsgrupper i store fylke.

· OMEP understrekar betydningen av at 50% skal gå til regionale ordningar i barnehagane. Det er også viktig at 50% går til universitet og høgskular, for utan dette vil desse institusjonane måtte gå inn i forhandlingar med regionar og kommunar om ressursar som kan bli vanskelegare å frigjere.

Særskilde kriterier for barnehagar:

- I høyringsforslaget blir det lagt opp til at 30% kan brukast lokalt til kompetansetiltak etter lokal vurdering.

Det er uklart kva som ligg i lokal vurdering . Dette må presiserast nærare. OMEP meiner at lokal vurdering best blir ivaretatt gjennom kommunen som barnehagemyndighet, i samarbeid med aktørane lokalt. Det vil sikre at alle er med i kompetanse- og kvalitetsauken i denne ordninga.

Delingskulturen mellom barnehagar uavhengig av eigartilhøve, må styrkast for at kvalitet i barnehagesektoren sektor kan utviklast.

Ein skal sikre kollektiv profesjonsutvikling: Det må forståast som at kompetanseutvikling generelt inngår i dagleg drift, og høyrer til på ordinære møtefora i barnehagane, for eksempel på regelmessige personalmøte.