Høgskulen på Vestlandet støttar departementet sitt forslag om at den midlertidige forskriften forlenges til 1.juli 2021. Vi støttar at hensikten med forlenging av forskrifta er at studentar kan gjennomføre utdanninga utan forsinkelsar og at forskrifta ikkje gir heimel til å fravike fastsett læringsutbyte. Læringsmetodane som skal nyttast i staden for praksisstudier må gje studentane det same læringsutbytet som elles var planlagt. Og forskriftene for rammeplanar og nasjonale forskrifter skal fylgjast der det er mogleg.
Vi ynskjer å kommentere dei særskilte merknadane knytt til utdanningar som er omfatta av yrkeskvalifikasjonsdirektivet. For HVL gjeld dette master i jordmorfag og bachelor i sjukepleie. Vi ser at det kan bli svært krevjande å gjennomføre delar av bachelorutdanninga i sjukepleie med dei krava ligg i EU-direktivet. Dette gjeld:
- Generell kirurgi og kirurgiske spesialiteter
- Svangerskaps- og barselomsorg
- Barnesykepleie og pediatrisk sykepleie
Ved ei eventuell auke i Covid-19-relaterte sjukehusinnleggingar vert planlagt aktivitet på kirurgiske avdelingar tatt ned til eit minimum og det er dermed vanskeleg å få tilstrekkeleg tal praksisplassar til alle bachelorstudentar i sjukepleie. Dette var situasjonen på norske sjukehus i vår, og det har medført eit etterslep når det gjeld praksis innanfor kirurgi som HVL framleis arbeider med å kompensere. Denne pasientgruppa (kir.pas.) møter ein i svært liten grad på andre arenaer enn i spesialisthelsetenesta. Smitteverntiltak i helseinstitusjonar fører også til at utdanningsinstitusjonane får tilbod om færre praksisplassar enn i ein normalsituasjon. Dette gjeld i alle typar helsetenester – ikkje berre sjukehus.
Svangerskaps- og barselomsorg: her vert jordmorstudentar prioriterte, ikkje bachelorstudentar i sjukepleie. Smitteverntiltak medfører at spesialisthelsetenesta ikkje ønskjer å ta i mot bachelorstudentar i korte praksisperiodar på denne arenaen. Det same gjeld for kommunale helsetenester som driv svangerskapsoppfølging. Med strenge smitteverntiltak er det ikkje rom for å ta i mot eit stort studentvolum i korte praksisar og difor blir master i jordmorfag prioritert framfor bachelorstudentar.
Barnesjukepleie og pediatrisk sjukepleie: her er det i ein normalsituasjon ikkje stor nok kapasitet til å ta i mot alle bachelorstudentar i praksis. Under pandemien der strenge smitteverntiltak vert gjennomført i helseinstitusjonar vert tal praksisplassar ytterlegare redusert. I tillegg er det svært vanskeleg å få praksisplassar til bachelorstudentar ved helsestasjonar. Her vert helsesjukepleiarstudentar prioriterte, saman med mellom anna masterstudentar i jordmorfag. I tillegg er det redusert drift på ein del helsestasjonar, noko som igjen fører til reduksjon i tal praksisplassar.
Slik vi ser det så vil vi med fleksible løysingar ha gode moglegheiter til å ivareta læringsutbyte i rammeplan og nasjonale forskrifter, men dei krava som ligg i yrkeskvalifikasjonsdirektivet om tal på timar praksis generelt og på ulike praksisarenaer spesielt skapar vanskar. Vi meiner at forslaget som ligg i høyringsnotatet om at studentar kan få godskrevet arbeidserfaring som praksis er for vagt, og vi etterlyser ein nærmare utgreiing om korleis vi eventuelt kan kome fram til nasjonale løysingar, for eksempel i form av eit tilleggskurs for dei sjukepleiarane som ikkje har nådd kravet i EU-direktivet på grunn av Covid-19-pandemien.