Høyringssvar frå Helse Førde
Høyring – Forlenging av midlertidige heimlar i helseberedsskapslova (endringar for å avhjelpe konsekvensar av covid-19)
Helse Førde støttar forslaget om å forlenge dei midlertidige heimlane i helseberedskapslova fram til 1. juni 2021.
Dette for å sikre forsyning av legemiddel, medisinsk utstyr og personleg verneutstyr under covid-19-pandemien. Det er også ønskeleg at ein opprettheld heimelen til å gjere unntak frå rettane i pasient- og brukarrettslova og korresponderande pliktreglar.
No er det ei forventning om ordinær drift i sjukehusa. Samstundes skal ein oppretthalde beredskap til å handtere smitte blant pasientar og tilsette. Utviklinga i covid-19-pandemien er usikker. Dersom smittetrykket aukar, vil det truleg verte behov for på nytt å ta ned elektiv drift, noko som vil kunne gå utover pasientrettar.
Helse Førde meiner det er nødvendig å gjere tilpasningar og unntak frå gjeldande regelverk, slik at helsetenestene får handlingsrom til å sikre forsyningar og prioritere ressursar på best mogleg måte.
Førde, 20. oktober 2020