Dato: 31.08.2020 Svartype: Med merknad Administrativ uttale frå Aurland kommune Veranda / balkong. Ingen merknad. Tilbygg til varig opphald Tiltenkt endring opnar for at tilbygg for varig opphald til eksisterande bustad inntil 15 m2 utan søknad etter plan- og bygningslova. Dette kan bli problematisk sett i lys av plan- og bygningslova § 28-1 og TEK17 kapittel 7. For eksempel opnar lovgivar for eit tilbygg, eit påbygg eller underbygging på inntil 50 m2 BRA i byggverkets levetid i områder som tilfredsstiller krava i TEK17 § 7-3 tredje ledd. Hovudprinsippet er også at konsekvensar for liv og helse skal vurderast i slike tilfelle. Det er i dag åpning i lovverket for å bygge på eit soverom ut i skredfarleg område, om det ligg trygt for lågaste sikkerheitsklasse (S1 - 1/100). Det er uklart om desse 15 m2 kjem i tillegg eller er ein del av dei fastsette 50 m2 som kjem fram i §§ 7-2 femte ledd bokstav a, 7-3 tredje ledd bokstav a og 7-4 andre ledd. Kommunen legg til grunn at sjølv om det ikkje er oppgitt tillat m2 i § 7-4 andre ledd, fylgjer den det same prinsippet om 50 m2. I det tilfellet lovgivar opnar for endring i SAK10 § 4-1 første ledd bokstav b, må det komme klart fram særlovverket som tiltakshavar må undersøke. Lovverket er klar på at det er tiltakshavar som er ansvarleg for å setja seg inn i gjelande lovverk, men praksis viser at tiltakshavar har begrensa med kunnskap om teamet samstundes som dette er underkommunisert i gjeldande fritaksordning. Dette sjølv om DIBIK sin elektroniske guide om søknadsplikt tar opp dette temaet. Det må når regelendringa blir kommunisert, etter vår vurdering, innehalde informasjon om blant anna dette teamet som er enkelt kommunisert til aktuelle aktørar. Det må også avklarast om desse 15 m2 kjem i tillegg eller er ein del av dei fastsette 50 m2 som kjem fram i dagens forskrift. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"