HØYRINGSSVAR frå Fjaler sokn
Vi viser til Barne – og familiedepartementets høyringsbrev av 13.7.2020 med høyringsfrist 12.10.2020.
Uttale til del 2 Føreskriftsforslaget
Fjaler sokn støttar departementet sitt forslag til forskrift om økonomifarvatninga i sokn i Den norske kyrkja.
Fjaler sokn støttar at kommunale økonomi- og rekneskapsprinsipp også i framtida skal gjelde for den lokale kyrkja. Det vil òg vere økonomisk fordelaktig for kommunane (staten).
Den nye trussamfunnslova vidarefører at kommunane i hovudsak skal finansiere den lokale kyrkja. Gravplassforvaltninga kan og vil i dei fleste kommunar i overskodeleg framtid framleis bli utført av den lokale kyrkja (soknet), finansiert av kommunen.
Det må vere felles rekneskapsføringsordning for dei to tenesteområda (føremåla). Dette sjølv om tilskota frå kommunen i framtida kan bli kilt åt i høve slik det er i dag, med rekneskapsføring og rapportering. Eitt tilskot til lokal kyrkjeleg drift og eitt tilskot til gravplassforvaltinga.
At det er lokal offentleg finansiering gjer det naturleg og fornuftig at økonomiforvaltninga for den lokale kyrkja byggjer på den kommunale økonomiforvaltninga, kommunale rekneskapsprinsipp. Til liks med at kommunen har strenge krav til god økonomiforvalting, bør dei same krava gjelde for sokna i Den norske kyrkja. Dette gjeld òg for revisjon av rekneskapen der vi støttar at dagens krav vert vidareført.
God kommunikasjon og samhandling mellom kyrkja og kommunen er viktig på mange ulike område, ikkje minst også når det gjeld samtale om det økonomiske.
Grunnen til at det vil vere økonomisk fordelaktig for kommunen å fortsetje med gjeldande rett, er at i dei fleste, særleg mindre kommunar, er det kommunane som fører fellesrådet/soknet sin rekneskap som ei kommunal tenesteyting. Blir rekneskapslova gjeldande, vil ikkje det lenger vere mogleg, og tenester lyt kjøpast eksternt til ein høgre kostnad.
Høyringsnotatet del 3. Endringar på kort og lang sikt
Departementet ber om synspunkt på forslaget i del 3 med sikte på seinare revisjonar av forskrifta.
pkt. 8 Alternative fristar og alternativ arbeidsfordeling.
§17 Årsavslutningen, regneskapsfrister og behandlingen av årsregneskap
Fjaler sokn meiner at endringane til arbeidsfordeling med fordel kunne vore tekne inn i det framlagde forslaget til ny økonomiforskrift som skal gjelde frå 1.1.2021.
Fjaler sokn støttar framlegget til ny arbeidsfordeling når det gjeld «Årsavslutningen, regneskapsfrister og behandlingen av årsregneskap».
Arbeidsfordelinga her er betre enn tidlegare ordning som er tungvint med di at rådet skal handsame rekneskapen to gonger, først fastsetjing så vedtak.
Det er betre at soknet følgjer kommunen sin praksis også her, ved at dagleg leiar legg fram rekneskapen og årsmeldinga til revisor. Då blir det berre ei handsaming i rådet, etter at revisjonsmeldinga er klar.
Fjaler sokn støttar at fristen for framlegging av rekneskapen er utsett frå 15. februar til 22. februar.
Vi tykkjer (kanskje) at dei andre fristane er sett litt vel langt fram i tid.
Dette med tanke på at kyrkjelydsmøtet i soknet (eittsoknskommune), der vi orienterer om årsmeldinga og rekneskapen då, «i verste fall», ikkje kjem før i starten av mai.
I tillegg ber departementet om synspunkt på:
a) å oppheve det uttrykkelege kravet om at rekneskapen skal underteiknast.
b) om revisjonsmeldinga framleis skal kome etter at rekneskapen og årsmeldinga er vedteke, til dømes 15. mai.
Fjaler sokn meiner at
a. rekneskapen bør underteiknast av dagleg leiar før revisor får rekneskapen tilsendt. Det same gjeld for årsmeldinga.
b. revisjonsmeldinga må føreligge FØR rådet godkjenner rekneskapen og årsmeldinga.
Høyringsnotatet del 4. Neste etappe
«Eit førebels forslag til ei kort statleg forskrift..» (punkt 9)
Høyringsinstansane er inviterte til å uttale seg om dette forslaget som vil innebere ei ny arbeidsdeling mellom staten og Kyrkjemøtet, der Kyrkjemøtet gir dei fleste reglane som i dag følgjer av økonomiforskrifta.
Spørsmålet er altså om forskrifta som no blir send på høyring, i framtida bør delast i éin del fastsett av Kyrkjemøtet og éin del fastsett av departementet.
Staten har ansvar for å finansiere den norske folkekyrkja. Stortinget har vedteke at gjennom overføring til kommunane skal soknet få naudsynte midlar til drift, frå kommunen.
I den vedtekne trossamfundsloven §14, 6.ledd som tek til å gjelde frå 01.01.21. står det følgjande:
«Regnskapsloven gjelder for regnskapet til rettssubjektet Den norske kirke og for regnskapet til soknet, med mindre departementet har fastsatt annet i forskrift».
I trussamfunnslova er det vedteke eit anna rekneskapsprinsipp for begge einingane enn det som gjeld i dag. Vilkåret for at soknet også på lengre sikt skal kunne halde fram med det kommunale rekneskapsprinsippet er at departementet fastset det i eiga forskrift.
Fjaler sokn meine at departementet også i framtida bør fastsetje forskrift om økonomiforvaltinga for begge rettssubjekta i Den norske kyrkja. Den norske kyrkje er ikkje ei lukka eining men samhandlar i stor grad med offentlege organ utanfor kyrkja.
Dette er ikkje til hinder for at:
Kyrkjemøtet har i kraft av si rolle som øvste organ for Den norske kyrkja rettsleg grunnlag til å gi reglar om økonomiforvaltninga i sokna, jf. kyrkjeordninga §§ 12 og 17. Kyrkjeordninga § 18 har vidare reglar om godkjenning av låneopptak, forbod mot å garantere for gjelda til andre og reglar om vedtak om betalingsinnstilling.
Ordninga med full momskompensasjon, som sokna har i dag, bør vidareførast.