🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til reviderte statlige planretningslinjer for differensiert for...

Alver kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
1. Alver Kommunestyre meiner at heile kommunen bør liggje i sone 3. Alver kommune er ein ny kommune som er slått saman av tre kommunar, Lindås, Meland og Radøy. Dei tidlegare kommunane har lange tradisjonar med å ferdast på sjøen og gjere bruk av strand og kystsona. Dette har bygd opp ein kystkultur og næringsaktivitetar der bruk av strandsona har vore nødvendug og ein viktig ressurs. Ei berekraftig forvaltning av strandsona har difor vore og vil fortsatt verta viktig i nye Alver kommune for å sikre både ivaretaking av kystkulturtradisjonar, næringverksamheit, samt sikre ålmeinta sin tilgang til, og bruk av strandsona til fritid og rekreasjon.

2. Det er stor skildnad på arealpresset i Alver og sentrale strok som Bergen, Oslo og Oslofjorden. Også innad i Alver vil det vera store ulikheiter gjeldande press på og bruk av strandsona. I samband med kommuneplanarbeidet må det difor gjerast eit kunnskapsbasert kartleggingsarbeid for å fastsetje greser innad i kommunen. Ein del av kystlinja vil vera utilgjengeleg for bygging grunna typografiske forhold, men vil likavel vera tilgjengeleg for ålmeinta.

3. Som ein ny stor kommune vil Alver kommune inneha kompetanse nok til å ivareta alle naudsynte hensyn det inneber ved at kommunen er i sone 3. I tillegg vil ein ha god kontakt og samarbeid med fylkesmannsembetet i denne type saker og planarbeid.

4. Det er positivt at dei nye retningslinjene har fått ein kortare og enklare ytforming, og det er betre systematisert med tydelege overskrifter som gjer det enklare å finna fram og gjere bruk av dokumentet.