UTTALE OM REVIDERING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINER FOR DIFFERENSIERT FORVALTING AV STRANDSONA
Fjaler kommune kan ikkje sjå kva endring som er gjort i nye utkast til strandsone retningslinjer for den sona vi ligg i; sone 3. Vi ser at dei er skrivne om og korta litt ned. For sone 3 kan ikkje vi sjå innhaldsmessig endring.
Dersom det skal vere noko føremål med ei revidering av stransoneretningslinjene må det vere ei reell endring. Kystrådet representerer kystkommunar med ei omfattande strandlinje. Historisk og i dag skjer mykje av aktiviteten ved sjøen. Vi meiner det er viktig å tilrettelegge slik at kommunen blir attraktiv å bu og jobbe i. Det inneber både å ta vare på strandsona og kvalitetane her, men og å legge til rette for ein fornuftig bruk av dei same områda. Kommunane må få større mogelegheit til å vurdere saker på bakgrunn av lokalkunnskap. Det kan vi løyse på to måtar:
1. I planprosessar blir kommunen sin lokalkunnskap og vurderingar tillagt større vekt enn i dag.
2. Kommunen får større mogelegheit til å gje dispensasjonar utan at desse skal høyrast av fylkesmannen. Slike saker er tiltak i områder med utbygging og tiltak frå før, og der kommunen meiner nye tiltak ikkje fører til meirprivatisering, heller ikkje gir negative konsekvensar for dei biologiske tilhøva i strandsona.
Vi meiner det er uheldig når det er for stor avstand mellom kommunen si haldning og fylkesmannen si haldning til strandsonepolitikken. I eit ideelt samarbeidsperspektiv burde fylkesmannen i størst mogleg grad vere ein fagleg støttespelar og rådgjevar. Fjaler kommune meiner at kysten og strandsona er best tent med retningsliner som gir kommunane større sjølvråderett.
Konkrete forslag til endringar
Fjaler kommune gjer difor framlegg om at følgjande må innarbeidast i nye rikspolitiske retningslinjer for differensiert strandsoneforvaltning i sone 3:
I samband med utarbeiding av overordna planar (kommuneplan/delplan og områdeplanar) må kommunen få fridom til å gjere lokalpolitiske vurderingar, der det ikkje ligg føre konkrete nasjonale interesser. Slike lokale vurderingar må vere basert på vurdering av ulike samfunnsinteresser, t.d. utvikling av attraktive arealer for bustad, næring og hytter, opp mot behovet for vern av natur, friluftslivinteresser og allmenhetens interesser.
Kommunen er samd i at utvikling av strandsona skal vere basert på overordna planar. Uansett vil overordna planar, med dagens regelverk for planar, ikkje ta høgde for alle situasjonar som vil oppstå.
Retningslinjene må difor opne for aksept av ein viss grad av dispensasjonar, så lenge dei er i samsvar med føremålet med overordna plan. Herunder arealstrategiar, vedteke som ein del av kommunen sinsamfunnsdel. Heilt konkret kan dette bety:
1. I større grad tillate bruksendring av eksisterande bygg i strandsona.
2. Kommunane får høve til å gje dispensasjonar i følgande saker utan å sende desse på høyring til fylkesmannen:
-påbygg eller anneks på/ved eksisterande bygg
-fastbrygger og/eller flytebrygger i tilknyting til eksisterande bygg
-andre mindre tiltak der kommunen vurderer tiltaket til å vere i samsvar med overordna plan.
Slike saker er tiltak i områder med utbygging og tiltak frå før, og der kommunen meiner nye tiltak
ikkje fører til meirprivatisering, og heller ikkje gir negative konsekvensar for dei biologiske tilhøva i
Fjaler kommune meiner og at det må bli lettare å få til bruksendring av eksisterande naust og sjøbuer, då
dette i dei aller fleste tilfelle er einaste måten å bevare slike bygg på. Ei meir liberal haldning her vil
såleis gjere det lettare å ta vare på desse bygga og, i det store bilete, kystkulturen.
Vi forstår at vi må sjå tiltaka i strandsona i ein større samanheng, og at dei må vere tufta på
overordna plan. Då må samstundes planane kunne vere fleksible og smidige slik at dei gir rom for
ulike plangrep. Innbyggarar og tiltakshavarar kan oppleve ein streng planpolitikk og ein streng
dispensasjonspolitikk som forbod. Det kan hemme den utviklinga vi treng på kysten.