1. Ad. kartlegging ved ankomst. Det er viktig å sikre at ulønna arbeid, til dømes som husmor, også vert forstått som viktig erfaring, som også kan telja som kompetanse!
2. Ad. Livsmeistring/ «skulemeistring»/karrierekompetanse. (pkt.6 «Obligatoriske elementer i Introduksjonsprogrammet» og pkt.4 «Opplæring for asylsøkere i mottak»)
Det er viktig at innvandrarar ikkje berre får informasjon om det norske skule systemet , men og får noko grunnleggande kjennskap til innhaldet i skulekvardagen, m.a. ulike typar undervisning og arbeidsmåtar dei vil møte.
Vi har til saman lang erfaring i å undervise vaksne flyktningar. Ei stor utfordring som gjeld nesten alle deltakarar, uavhengig av utdanningsnivå og kva for land dei kjem i frå, er skilnadar mellom undervisning dei har opplevd, og læringssyn og metodar i norsk skule, t.d. grunnskuleundervisninga for vaksne.
Me opplever at ganske mange deltakarar kjenner på manglande motivasjon for aktiv deltaking når undervisninga ikkje liknar nok på det dei har vore med på før. For eksempel å kunna akseptera at å jobba/gjera noko praktisk kan vera ein god/rask metode for alle, sjølv om dei og fint kan læra frå skriftlege kjelder.
På bakgrunn av dette meiner me at det er viktig å gi deltakarar eit godt grunnlag for å forstå det norske skuleverket sitt læringssyn bør vektleggast TIDLIG i introduksjonsprogrammet, evt. i mottakssituasjon, - helst i forkant av oppstart i skule/norskkurs.
3. Ad. Differensierte veiledende minimumsnivåer (pkt. 11.3.2 og 11.3.3)
Høringsforslaget vil at alle innlærarar av norsk som andrespråk skal rettleiast til å sette seg eit høgt norskmål. Det skal vere «lett» å høyne målet og evt. korte inn på tids-«fristar» i den enkelte sin plan, men «vanskeleg» sette eit lågare mål enn det opprinnelege.
Vi er i prinsippet einige, men i praksis har vi diverre følgt ganske mange deltakarar på den tunge vegen «nedover». Det er for mange eit nederlag å innsjå at dei bør senke norskmålet sitt. Dei ser at det kan få konsekvensar for ønske om utdanning og arbeid. Me synest det er rett at dei skal oppleva at me har tru på dei som personar med store ressursar, men opplever at det er me som lærarar som ofte må «realitetsorientere» dei i høve til eigne mål og krav i samfunnet, sidan alt er så nær knytt til språkkompetansen.
I forslaget ser det ut til at ein vil legga stor vekt på utdanningsbakgrunn ved første gongs fastsetting av m.a. norskmålet. Me har opplevd at antal år i grunnskule i heimlandet ofte ikkje gir noko godt bilete av kunnskapsnivå i fag, ei heller føresetnader for å få ei relativt bratt læringskurve i grunnskule for vaksne. I verste fall kan ein nesten fullført grunnskule i heimlandet verke motsett - at dei ikkje klarer å tilpasse seg norsk læringssyn og undervisning. (jfr. over, pkt 2). Vi tillet oss å minne om dette sjølv om vi er fullt klar over at skulen og lærarane skal tilpassa seg den enkelte deltakar. Det kan vere ein vanskeleg balansegang – særleg på eit lite Introsenter som vårt, der elevgruppene har svært ulike føresetnader og nivå på fleire felt.