Høyringsuttale frå Sogn og Fjordane tingrett – endring i midlertidig lov av 26. mai 2020 nr. 47 om tilpasninger i prosessregelverket som følge av utbruddet av covid-19 mv.
Vi viser til høyringsbrev og høyringsnotat av 8. september 2020 om forslag om forlenging av midlertidig lov om tilpasninger i prosessregelverket som følge av utbruddet av covid-19 mv.
Sogn og Fjordane tingrett støttar forslaget, og delar departementet sitt inntrykk av at lova så langt har vore avgjerande for saksavviklinga og oppfyllinga av domstolane sin samfunnskritiske funksjon. Vi kan, som departementet, heller ikkje sjå at omsynet til borgarane sin rettstryggleik talar mot ei forlenging. Vår erfaring er at dei rettsmøta og avhøyra som er gjennomført digitalt i medhald av lova fullt ut har ivaretatt rettstryggleiksomsyn på ein forsvarleg måte.
Vi meiner ein bør vurdere å gjere ei mindre endring av lova i samband med at den vert forlenga, ved at ein sløyfer vilkåret «nødvendig» i § 3.
Etter § 3 kan retten bestemme at rettsmøter heilt eller delvis skal haldast som fjernmøter, og at avhøyr skal gjennomførast som fjernavhøyr, når det er «nødvendig og ubetenkelig». Slik føresegna er utforma, gir den ikkje heimel til fjernmøte eller fjernavhøyr dersom det ikkje «nødvendig». Dette vil gjelde sjølv om partane samtykker til slik saksbehandling, og det etter ei heilskapleg vurdering vert vurdert som fullt forsvarleg.
Ved bruken av vilkåret «nødvendig» skil føresegna seg frå andre sentrale føresegner i lova, slik som reglen om skriftleg behandling av ankesaker i § 5. Grunnvilkåret der er at slik behandling må vere «forsvarlig».
I Prp.94 L (2019-2020) er innhaldet i kriteriet «nødvendig» utdjupa noko, jf kapittel 3.3, tredje avsnitt:
"Departementet mener at den utvidede adgangen bør kunne benyttes når det er nødvendig og ubetenkelig. Den enkelte sak må vurderes konkret. Kravet om nødvendighet skal likevel ikke praktiseres strengt, men tolkes i lys av risikoen for smitte og alternative avhjelpende tiltak. Domstolen bør undersøke om det i stedet kan tilrettelegges for at rettsmøter holdes som ordinære møter, for eksempel ved å sørge for nødvendig avstand mellom aktørene, eller ved på annen måte å unngå personlig kontakt når deltakerne oppholder seg på samme sted."
At covid-19 pandemien framleis pågår i landet, med vekslande intensitet, er såleis ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg til at nødvendigheitsvilkåret i lova er innfridd.
Etter vårt syn vil ein i dei aller fleste tilfelle kunne avvikle ordinære rettsmøter der ein overheld avstandskrava (ein meter) og unngår tett fysisk kontakt mellom aktørane. I Sogn og Fjordane tingrett har vi mellom montert pleksiglas mellom aktørplassane i rettssalane, og vi har lokalar som er store nok til å sikre avstandskrava. Vi antar at dette også gjeld for størstedelen av domstolane i landet. Så lenge pandemien pågår, bør det likevel vere ei generell målsetjing å i størst mulig grad unngå risiko for smittespreiing i samfunnet. Oppmøte i Sogn og Fjordane tingrett eller andre domstolar gjer det ofte nødvendig for aktørane å reise, gjerne kollektivt. Ofte treng dei også å overnatte på hotell. Dette inneber i seg sjølv ein viss smitterisiko. Det er også alminneleg kjent at det varierer sterkt frå person til person i kva grad ein overheld dei til ei kvar tid gjeldande smittevernråda. I dette perspektivet bør det ikkje stillast opp noko tilleggsvilkår i § 3 ut over at fjernmøte eller fjernavhøyr er forsvarleg så lenge lova gjeld, eventuelt «ubetenkelig» slik ordlyden er i dag. Eit moment i denne vurderinga vil vere om partane samtykker.
For dommarane i Sogn og Fjordane tingrett
Jørn-Lasse F. Refsnes