Dato: 21.07.2020 Svartype: Med merknad Alver kommune er samd i at dagens ansvarsrettsystem kan bidra til uklare forhold mellom ansvaret etter plan- og bygningslova og dei privatrettslege kontraktane som blir inngått. Det at tiltakshavar skal overta alt ansvaret ser vi ikkje som ei løysing på dette. Det er krevjande for ein tiltakshavar å koodinere ei byggesak, og det vil etter vårt syn kunne føre til at kommunen må bruke meir tid og ha meir ressursar tilgjengeleg for rettleiing før og under byggesaka. I dag går det vesentleg meir tid til rettleiing i søknadar utan ansvarsrett, der tiltakshavar sjølv står for innsending av søknad med vedlegg. Auke i gebyr vil vere ein konsekvens av at kommunane må bruke meir tid. Etter Alver kommune sitt syn må tilsyn og kontrollfunksjonar styrkast og evaluerast før ein kan vurdere endring i ansvarsrettssystemet. Det vil vere positivt å styrka tilsyn, der det blir koordinert eit tilsynssamarbeid med andre aktørar som t.d. brann og Arbeidstilsynet. Vi støttar og innspelet frå Bergen kommune om at det vert stilt kompetansekrav til dei som faktisk utførar arbeida, og at ikkje det berre er føretaket som skal dokumentere at dei har kompetansen. Alver kommune ser det som positivt at reglane for gebyr vert endra, slik at både kontroll og ulovlighetsoppfølging blir gebyrlagt. Dette er ofte ressurskrevjande saker for kommunen. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"