Dato: 31.08.2020 Svartype: Med merknad Høyringsuttale - Forsvarleg byggkvalitet Vinje kommune ser positivt på framlegg til endringar i plan- og bygningslova. Forenkling/klargjering av regelverket som å gjere ansvaret til tiltakshavar tydelegare og å fjerne ansvarsrettssystemet kan etter vår oppfatning vere vegen å gå. Tiltakshavar er hovudansvarleg i dag også, men dette er kamuflert i lovverket bl.a. ved at tiltakshavar for ein periode delegerer ansvaret på ansvarlege føretak. Tiltakshavar er i mange tilfelle ikkje klar over sitt ansvar. For å kome arbeidslivskriminalitet og byggefeil til livs så trur også me at det er viktig med nasjonale/internasjonale register der føretakas «historie» er lett tilgjengeleg for brukarane av deira tenester. I tillegg har me gjennom eigen erfaring stor tru på koordinera kontrollar. At kommunens kontrollområde etter plan- og bygningslova skal avgrensast kan også vere eit grep for faktisk å auke aktiviteten i det kommunale tilsynet – kommunen har ei klarar meining om kva som faktisk fell inn under deira ansvarsområde og kva kompetanse som er nødvendig. Det er også interessant å involvere forsikringsbransjen. Me har stilt spørsmål til mangel på deira deltaking tidlegare – t.d. kvifor dei sel forsikring til hytter som manglar løyve/ ferdigattest. Fram til no har kommunen hatt svært få førespurnader frå forsikringsbransjen. Og me er samde i det som rapporten nemner – for å luke vekk useriøsiteten i bransjen, må me gjere det ulønsamt å vere lovbrytar. --------------------------------Dette er starten på innstillinga (denne teksten skrivast ikkje ut)------------------------------------------------- Rådmannens framlegg til vedtak: Vinje kommune rår til å arbeide vidare med framlegg til endringar i plan- og bygningslova slik rapporten utarbeidd av ekspertutvalet legg opp til. Handsaming i Plan- og miljøutvalet 19.08.2020: Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"