Språkrådet kjem her med høyringsfråsegn til Forslag til nasjonalt program for statistikk 2021–2023.
I juni 2020 blei Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk lagt fram for Stortinget. Hovudføremålet med lovframlegget er å lovfeste statusen til norsk språk og gje det sterkare vern. Lovframlegget og stortingsmeldinga som følgjer med, peikar ut retninga og måla for den norske språkpolitikken på ulike samfunnsområde.
Proposisjonen er førebels til behandling i familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Proposisjonen varslar at Kulturdepartementet skal rapportere til Stortinget om språksituasjonen i Noreg, jf. s. 23:
Rapporteringa skal gje eit bilete av korleis språksituasjonen i Noreg utviklar seg. I tillegg vil rapporteringa gje ein peikepinn på korleis ein lukkast med å gjennomføre det sektorovergripande prinsippet i språkpolitikken. Rapporteringa skal gjerast på grunnlag av sentrale indikatorar for språkstatusen i Noreg, som igjen byggjer på dei sentrale føresegnene i språklova.
For å kunne gjennomføre denne rapporteringa treng Språkrådet og Kulturdepartementet kvalitetssikra statistikk om språksituasjonen i Noreg. Språkrådet ønskjer difor at statistikk om språk blir teken inn i det nasjonale statistikkprogrammet til Statistisk sentralbyrå, slik at rapporteringa til Stortinget blir systematisk og god. Statistikk om språk vil òg gje samfunnet viktig kunnskap om endringar i språksituasjonen i landet og leggje grunnlag for samfunnsdebatt, forsking og politikkutforming, jf. statistikklova § 1.
Språksituasjonen i Noreg er i endring. Med internasjonaliseringa av samfunnet speler engelsk ei stadig større rolle i Noreg. Samstundes har innvandring ført til eit større mangfald av språk i Noreg enn nokon gong tidlegare. Dette er vektige samfunnsendringar som må dokumenterast gjennom offisiell statistikk.
Innspel til nokre statistikkområde
Mange av dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg (kvensk, romani og romanes) er sterkt truga, og Noreg har gjennom internasjonale konvensjonar ei plikt til å verne om dei. Språkstatistikk vil kunne seie noko eksakt om kor truga kvart språk er, og kor ressursane bør setjast inn, alt etter kor mange talarar kvart språk har, korleis talarane er fordelte på aldersgrupper, fordeling på kommunar og andre geografiske einingar og så vidare.
Etter lovframlegget får dessutan offentlege organ ei plikt til å kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa. Det vil mellom anna seie at innbyggjarane har krav på forståeleg informasjon om helse, samfunnstryggleik og beredskap. Korleis det offentlege skal gå fram for å følgje opp desse føresegnene, må mellom anna ta utgangspunkt i talet på språkbrukarar og tradisjonen for å bruke språket innanfor ulike livsområde.
Dei siste femti åra har mange nye språk kome til Noreg. Desse språka refererer vi til som nyare minoritetsspråk , til skilnad frå dei samiske urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka. Vi veit ikkje eksakt kva for nyare minoritetsspråk som blir tala i Noreg, eller kor mange talarar dei einskilde språka har. Mangelen på oversikt over dette feltet gjer det vanskeleg å byggje opp eit tilstrekkeleg tolketilbod. Dette hindrar trygg kommunikasjon mellom dei aktuelle språkbrukarane og det norske rettssystemet, helsevesenet, offentlege etatar som til dømes Nav og UDI, og såleis påverkar det rettstryggleiken.
Mangelen på data om minoritetsspråk skapar også problem på andre felt, til dømes for tilbodet i morsmålsopplæring for innvandrarborn. Denne mangelen på data kan dessutan påverke kommunikasjonen mellom det offentlege og innbyggjarane i krisesituasjonar.
Som det går fram ovanfor, er det naudsynt å føre offentleg statistikk over nasjonale og nyare minoritetsspråk i Noreg, med vekt på tre punkt:
1 Kor mange språk finst det i landet?
2 Kva for språk er det tale om?
3 Kor mange talarar har kvart språk?
Det kan vere gode grunnar for å halde fram praksisen med å ikkje føre statistikk om etnisitet i Noreg. Like fullt treng vi tal på språkbrukarane og oversyn over språka. Språkrådet ønskjer å diskutere med SSB korleis det kan la seg gjere å hente fram gode tal for praktisk språkbruk.
Norsk teiknspråk er eit fullverdig språk som blir brukt av døve og høyrande i Noreg. På same måte som for minoritetsspråka er det behov for kunnskap om kor mange teiknspråksbrukarar det finst i Noreg. Framlegget til lov om språk varslar at det vil kome ein NOU om norsk teiknspråk. Vi ventar at denne NOU-en vil peike på andre område der det trengst statistikk om norsk teiknspråk.
Norskkunnskap blant EØS-innvandrarar
Dei store innvandrargruppene frå EØS-området har korkje rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova. Dei må sjølve syte for norskopplæring, eventuelt få eit tilbod gjennom arbeidsgjevaren.
Det er eit sentralt språkpolitisk mål at alle som bur i Noreg, skal kunne lære og bruke norsk språk. Norskkunnskapar er avgjerande for demokratisk deltaking, tryggleik på arbeidsplassen, fleksibilitet i arbeidslivet og tilknyting til samfunnet elles. Men det er umogleg å seie noko om måloppnåing på dette feltet så lenge vi har liten eller dårleg oversikt over norskkunnskapane blant EØS-innvandrarar i Noreg.
Difor trengst det offentleg statistikk om norskkunnskap blant EØS-innvandrarar. Ein slik statistikk bør innehalde informasjon om ev. gjennomført norskopplæring, innvandrarar si eiga vurdering av kompetanse i norsk, og – dersom det er praktisk mogleg – ei objektiv vurdering av norskkompetansen.
Tilbodet av digitalt kultur- og medieinnhald på engelsk har auka kraftig dei siste åra.
Auka bruk av engelskspråkleg innhald kan føre til at det norskspråklege kultur- og medietilbodet blir svekt, og på lengre sikt kan det igjen svekkje posisjonen til det norske språket. Dette er i strid med politisk vedtekne mål om å oppretthalde og styrkje posisjonen til norsk språk i det norske samfunnet.
Difor trengst det offentleg statistikk om bruken av engelskspråkleg kultur- og medieinnhald i Noreg. Ein slik statistikk bør innehalde informasjon om kor mykje tid innbyggjarane bruker på engelskspråkleg innhald i til dømes litteratur, dataspel, strøymetenester og på nett. Statistikk over utlån av engelskspråklege bøker frå biblioteka og statistikk på kinobesøk etter språk vil òg vere relevant.
Skulen er ein viktig arena for gjennomføring av den norske språkpolitikken. I framlegget til lov om språk heiter det at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Skulen er sentral i denne samanhengen. Difor trengst det statistikk som syner korleis skulen til kvar tid er i stand til å følgje opp dette ansvaret. Statistikken bør mellom anna innehalde tal som syner utviklinga i bruken av høvesvis bokmål og nynorsk i skulen.
I ein offisiell statistikk trengst det data om
Språkval i skular og blant elevar/studentar
Det finst allereie statistikk over elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen og oversyn over eksamenskarakterane i norsk, både hovudmål og sidemål. Desse tala er viktige for å ha oversyn over utviklinga av nynorskbruk i samfunnet. Difor bør dei takast inn i det nasjonale statistikkprogrammet.
Nynorsk er under press frå bokmål i store delar av landet, og vi veit at mange elevar skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål i skuleløpet eller i samband med høgare utdanning. Den nasjonale statistikken bør innehalde tal som syner kor mange elevar som skiftar hovudmål. Det bør difor førast statistikk over tal på elevar som skiftar hovudmål undervegs i utdanningsløpet, og tala bør brytast ned på utdanningstrinn. I denne samanhengen vil det også vere nyttig med tal som syner kva for språk studentar vel til eksamen. Det trengst også tal på eigne nynorskklasser og språkdelte klasser, til bruk i observasjon og vurdering av kva gruppeformer som legg til rette for å sikre rettane for nynorskelevar i språkleg utsette område.
I den vidaregåande skulen vel elevane hovudmålet sitt sjølve. Det vil vere interessant å ha statistikk over skulemål/undervisningsmål på dei einskilde skulane, ikkje minst for å samanlikne dei med tala for skifte av hovudmål blant elevane.
Retten til opplæring på nynorsk kan oppfyllast berre dersom alle læremiddel er å få på nynorsk. Etter opplæringslova skal alle godkjende læremiddel for skulen liggje føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris, men denne føresegna i lova blir ikkje alltid etterlevd. Difor bør tal på læremiddel som berre finst på eitt av dei to jamstilte norske skriftspråka, vere med i den nasjonale statistikken. Det bør også førast statistikk over innkjøp til skulane av pc-ar og nettbrett utan språkstøtte på både bokmål og nynorsk.
Universitets- og høgskuleutdanning
Det finst mykje statistikk over høgare utdanning i Noreg. Mykje av denne statistikken blir offentleggjord av andre instansar enn SSB, til dømes Norsk senter for forskingsdata (NSD) og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). Skal vi få eit nokolunde samla oversyn over dette feltet, bør slik statistikk bli ein del av Noregs offisielle statistikk. Med tanke på dei krava som ligg i den nye språkmeldinga og framlegget til språklov, meiner Språkrådet at språkbruk ved universitet og høgskular bør bli ein del av slik statistikk. Internasjonaliseringa av høgare utdanning har ført til stadig meir bruk av engelsk, og ein treng eit statistisk oversyn over den samla språksituasjonen i UH-sektoren.
Framandspråklege emne
Tilstandsrapportane for høgare utdanning frå Diku inneheld eit oversyn over framandspråklege emne ved universiteta og høgskulane både prosentvis og i tal. I ein offisiell statistikk bør desse tala også brytast ned på bachelor- og mastergradsemne og fordelast på fagområde (med fagområde er meint humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helsefag, matematikk og naturvitskap, teknologi). Ein kunne då følgje med på utviklinga innanfor dei einskilde fagområda – der det er store skilnader – og på fordelinga mellom norsk- og engelskspråklege emne innanfor bachelor- og masterstudia.
NSD fører i dag statistikk over tilsette i høgare utdanning. Vi ser at talet på utanlandske tilsette påverkar bruken av norsk og engelsk i høgare utdanning. I den offisielle statistikken trengst det eit oversyn over prosentdelen utanlandske tilsette hos dei einskilde institusjonane.
Innføringa av publiseringsindikatoren (også kalla tellekantsystemet) i 2006 har ført til at stadig meir blir publisert på engelsk innanfor alle fagområde. Etter den gjeldande universitets- og høgskulelova har universitet og høgskular ansvar for «vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk» (§ 1-7). Dette ansvaret blir ført vidare i framlegget til ny universitets- og høgskulelov, som blei lagt fram i vinter. For å kunne følgje med på korleis utdanningsinstitusjonane følgjer opp det ansvaret dei har etter lova, treng vi offisiell statistikk som syner kva språk som blir brukte i publisering og formidling.
Vitskapleg publisering og formidling
NSD fører i dag statistikk over vitskapleg publisering, mellom anna artiklar og monografiar, men statistikken seier ikkje noko om kva språk som er brukt i publikasjonane. I Cristin (Current Research Information System in Norway) må vitskapleg tilsette ved universitet og høgskular registrere både vitskapleg publisering og formidling. Det trengst offisiell statistikk som syner kva språk som er brukt i publiseringa og den skriftlege, kvalitetssikra formidlinga. Slik statistikk bør også brytast ned på fagområde og på institusjon.
NSD fører også statistikk over gjennomførde doktorgradar. Det trengst offisiell statistikk over språkbruken i doktoravhandlingar, helst broten ned på fagområde.
Språkrådet har i denne høyringsfråsegna peika på dei viktigaste områda der det manglar fullgod statistikk om språk. Vi har i mindre grad gått inn på metodar for gjennomføring av innsamlinga.
Språkrådet vil gjerne ha ein dialog med SSB om korleis ein kan få fram best mogleg statistikk om språk i Noreg. Denne fråsegna kan vonleg tene som eit første steg i ein slik dialog.