Høyringssvar frå Helse Bergen – forslag til lov om informasjonstilgang mv. for Koronakommisjonen
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus viser til brev av 7. juli 2020. Lovforslaget som no er sendt på høyring, med 8 dagars høyringsfrist, skal gi Koronakommisjonen tilgang til nødvendig informasjon for å kunne utføre sine oppgåver på ein best mogleg måte. Lovforslaget har regler om informasjonstilgang, teieplikt, handsaming av personopplysningar for kommisjonen og forbod mot bruk som bevis i seinere rettssaker av opplysninger kommisjonen mottar.
Det er viktig å gå igjennom og lære av korleis covid-19 utbrotet blei handtert i Noreg. Ein føresetnad for at kommisjonen skal kunne utføre sitt oppdrag, er at den får tilstrekkelig informasjon.
Reglene om teieplikt er viktige for å sikre befolkninga sin tillit til helse- og omsorgstenesta. Alle pasientar og brukarar skal kjenne seg trygge på at opplysningar om dei ikke blir spreidd unødvendig eller blir misbrukt på annan måte.
Tilsette i helse- og omsorgstenesta skal òg vere trygge på at opplysningar om deira personlege forhold blir handsama i tråd med relevant lovverk.
Vi er einige i at det vil vere svært krevjande å skulle innhente samtykke frå alle aktuelle personar, og at eit slikt krav om samtykke vil utgjere ein risiko for at opplysningar ikkje blir gjort tilgjengeleg for kommisjonen.
Om informasjon frå helse- og omsorgstenesta
Helse Bergen ønskjer å bidra til at Koronakommisjonen får tilstrekkeleg informasjon til å utføre oppdraget sitt. For oss er det viktig at det blir gitt tydelegare føringar på i kva grad også helse- og omgsorgstenesta kan utlevere opplysningar til kommisjonen, utan hinder av teieplikta.
I høyringsnotatet er det i liten grad nemnd i kva grad det vil være aktuelt å hente inn opplysningar frå helse- og omsorgstenesta eller kva opplysningar det i så fall er tale om. Helse Bergen meiner det bør komme tydelegare fram av lovforslaget at opplysningar som skal bli overlevert frå helse- og omsorgstenesta til kommisjonen som hovudregel skal vere anonymisert, eller i alle fall utan at pasientar eller helsepersonell blir direkte identifiserte. Vi føreset at det uansett ikkje vil vere tale om å levere ut opplysningar frå pasientjournalar som gjeld den konkrete behandlinga av pasientar med covid-19, då kommisjonen ikkje har i oppgåve å evaluere pasientbehandlinga, men myndigheitene si handtering av covid-19-utbrotet. Dette meiner vi bør bli presisert i lova for å sikre mest mogleg lik handtering av spørsmål om informasjon frå helse- og omsorgstenesta til Koronakommisjonen.
Om forholdet til offentleglova
Høyringsnotatet sitt avsnitt 3.4 slår fast at offentleglova vil gjelde for kommisjonen. Helse Bergen meiner at det bør bli vurdert om det skal gjerast eit unntak for dokument og opplysningar Koronakommisjonen har fått tilgang til, og som aleine eller i samanheng med andre opplysningar inneheldt personsensitive opplysningar om enkeltpasientar som er innhenta til kommisjonen. Det har vore ei enorm interesse for informasjon om pasienter som har overlevd eller døydd av covid-19, og ein må regne med at kommisjonens arbeid vil bli følgt tett av media og andre.
Helse Bergen har erfart at pasientar som har vore råka av sjukdommen, ikkje har ønskja merksemd rundt sin person. Konsekvensen av ulovleg spreiing og bruk av personopplysningar frå helse- og omsorgstenesta er alvorleg. Når det no blir gitt heimel for å utlevere opplysningar som er underlagt teieplikt, bør ein sikre at sannsynlegheita for at dei utleverte opplysningane blir ulovleg spreidd og brukt blir så låg som mogleg. Eit unntak som nemnd over, vil bidra til å ta ned risikoen for brot på personvernreglene ved Koronakommisjonen sitt arbeid.
Til slutt presiserer vi at vi er einige i at det er behov for ein klar regulering av kommisjonen si teieplikt, og i kva grad kommisjonen har lov til å formidle opplysningar som er underlagt teieplikt.
Fagdirektør, FoU-avdelinga
Anne Kristine Breivik
Rådgjevar, Føretakssekretariatet