🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Nasjonal transportplan 2022-2033: Høring av transportvirksomhetenes svar på oppd...

Gode Vegar as

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Prioriter framkomst og rassikker korridor i NTP 2022-2033.

I oppdragsbrevet til deloppdrag 9 ber Samferdselsdepartementet verksemdene tilrå konkrete prosjekt/strekningar/pakkar som kan løyse utfordringane.

I utgangspunktet kan dette vere ei god bestilling. Problemet for strekningar som korridor 6c kjem når bestillinga samtidig fastslår at prioriteringa av ressursbruken skal baserast på samfunnsøkonomiske analyser.

Samfunnsøkonomiske analyser er mangelfulle og tek ikkje opp i seg vesentlege utfordringar eksempelvis for næringslivstransport og konkurranseulempe.

I korridor 6c er tunnelane på Rv15 Strynefjellet så låge og smale at dei avviser moderne vogntog. Dette medfører at mykje import-, eksport- og innanlands godsframføring aust/vest på årsbasis køyrer mange tusen kilometer unødig. Miljøforureining, vegslitasje og samfunnskostnad som dette gir kjem ikkje til uttrykk i dei samfunnsøkonomiske analysane.

Sidan 2007 har Statens vegvesen utgreidd å løyse hovudutfordringa med framkomst og stenging av Rv15. Vi er tilfreds med at Regjeringa Solberg følgde den faglege tilrådinga og vedtok konsept B1 med mogleg arm til Geiranger i 2018.

Når det vedtekne Rv15 konseptet med arm til Geiranger opnar vil det eliminere 30 registrerte snøraspunkt, opne ei viktig trekkrute for villreinstamma i Breidalen, sikre føreseieleg kollektivtransport, sikre fleire heilårs arbeidsplassar og ikkje minst gje sikker framføringstid for næringstransporten. At korridor 6c over Strynefjellet vintersesongen 2019/2020 var stengd opp mot 600 timar kjem heller ikkje fram i dei samfunnsøkonomiske analysane.

Å følgje Statens vegvesen sitt råd om å gå rett på reguleringsplan for konsept B1 vil samsvare med målet om raskare planlegging.

I vidare arbeid med Stortingsmeldinga oppmodar vi Samferdselsdepartementet om også å legge vekt på andre element enn berre samfunnsøkonomiske analysar når det blir prioritert prosjekt i første 6 års periode av planen.

Det er ikkje utan grunn at 3 fylkeskommunar, 4 regionråd, NHO, LO og ei mengd kommunar har understreka at det hastar å gjere korridor føreseieleg som eit viktig aust/vest samband.