Uttale til rapport frå Statens vegvesen NTP 2022 - 2033 Oppdrag 9 Prioriteringar
Interesseselskapet Fjordvegen Rute 13 viser til rapport dat. 17. mars 2020 frå Statens vegvesen, Nasjonal transportplan 2022-2033 Oppdrag 9 Prioriteringar.
Rapporten inneheld prioriteringar for den neste nasjonale transportplanen for åra 2022-2033 basert på dei strategiske måla om eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem. I oppdraget frå Samferdselsdepartementet går det fram at Statens vegvesen skal føreslå prioriteringar av all ressursbruk i perioden 2022-2033.
Fjordvegen Rute 13 meiner det frå departementet ikkje er rett å basera ressursbruken einsidig på samfunnsøkonomiske analyser rangert etter netto nytte pr. budsjettkrone slik prioriteringa legg til grunn. Spreidd busetnad i distrikta og periodevis låg ÅDT gjev automatisk lågare netto nytte samanlikna med prosjekt i område med større folketal og dermed høgare ÅDT.
For Fjordvegen Rute 13 vil ei slik prioritering føra til at denne vegen, og andre rasutsette vegar i distrikta aldri vil nå opp i prioriteringa og med kunne gje innbyggjarane og alle vegfarande ein trygg veg å ferdast på.
Rv13 kan mogeleg kallast norges dårlegaste riksveg kva gjeld standard og talet på rasutsette punkt med høg eller middels skredfaktor. Det er avgjerande for å sikra liv og helse at rassikring av vegnettet i Norge vert gjeve høgste prioritet i den komande NTP-perioden 2022-2033. Vi er positive til Statens vegvesen si prioritering av midlar til breiddeutbetring av riksvegar som ikkje har gul midtstripe.
Statens vegvesen sin rapport dat. des 2019
“Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest” viser
Rapportens riksvegdel viser 126 punkt med høg og middels skredfaktor (faktor 2,5 t.o.m. 6,0) På Rv 13 er det 34 skredpunkt med høg eller middels skredfaktor. Sikring av desse punkta er kostnadsrekna til 11,1 mrd.
Jfr. også Nasjonal rassikringsgruppe sitt anslag på 71 mrd for sikring av alle raspunkt med høg eller middels skredfaktor.
At Fjordvegen Rute 13 er så tydeleg på at rassikring prioritert etter skredfaktor no må prioriterast på topp i NTP har samanheng med alle dei direkte og indirekte kostnader som denne situasjonen påfører distrikta som nyttar vegen . Dette gjeld både dei økonomiske konsekvensene for næringsliv, innbyggjarar og besøkjande, men også dei ikkje-prissette konsekvensane som t.d. dei psykososiale kostnadene som utryggheit ved å ferdast på vegen drar med seg.

Fjordvegen Rute 13 ber difor om følgjande
Fjordvegen Rute 13 støttar fullt ut kravet frå Nasjonal rassikringsgruppe om at det i førstkomande rullering av Nasjonal Transportplan (NTP) vert laga ein heilskapleg, nasjonal plan for skredsikring av riks- og fylkesvegnettet kva gjeld utbetring av alle punkt med høg og middels skredfaktor. Planen må sikrast prosjektfinansiering slik at den vert gjennomført samanhengande og kostnadseffektivt gjennom 12 årsperioden.