Dato: 29.06.2020 Høyringsuttale frå Kvam herad: Rassikringsmidlar til Fylkesvegar i NTP må aukast til 71 milliardar kroner for perioden 2022-2033. Det inneber at årlege løyvingar må firedoblast. Her vil Kvam herad spesielt peika på utfordringane i Kvam og Hardanger Midlar til omkøyringsveg for Fv -49 som omkøyringsveg for E-16, må inn med eigen post i NTP. Grunngjeving: Der fylkesveg vert hardt belasta med omdirigert trafikk grunna stenging av riksveg/europaveg, må staten ta ansvar eller delansvar for å setja fylkesvegen i stand til å ta unna den omdirigerte trafikken. Under dette vil Kvam herad spela inn at det må koma statlege løyving til oppgradering av FV 49 som gjeld tunnel under Tokagjelet. Dette er eit svært rasfarleg område. Omkøyringsvegen vidare innover fjorden må likeeins oppgraderast, slik at den periodevis sterkt auka trafikken ikkje vert rasutsett. Slik det er i dag vert det trafikk-kork og køar under svært rasfarlege område når omkøyringstrafikken kjem Det bør snarast lagast KVU på E134 Haukelivegen – arm til Bergen. Utgreiinga skal ha med seg løysingar igjennom Kvam. Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"