🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler

Digitaliseringsdirektoratet

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Tilsyn for universell utforming av ikt vil rosa lovutvalet for å adressera universell utforming i ein eigen paragraf i forslaget til ny universitets- og høgskulelov (uhl.). Saman med føresegna om tilsyn er dette eit viktig signal om at institusjonane som er omfatta av lova må ha eit medvite forhold korleis ein skal sikra alle studentar like moglegheiter når institusjonane skal velja nye eller utvikla eksisterande digitale løysingar.

I forslaget til ny uhl. § 7-3 er det peika på tre område som universitet og høgskular skal sikra er universelt utforma: «institusjonens fysiske omgivelser», «informasjon- og kommunikasjonsteknologien (IKT)» og «det digitale læringsmiljøet».

Basert på føringane i forslaget til ny § 7-7 skal ansvaret for å driva tilsyn med institusjonane i utgangspunktet liggja til Arbeidstilsynet, med unntak av det som gjeld «det digitale læringsmiljøet» som skal liggja til Direktoratet for forvalting og ikt (Difi).

Difi vart slege saman med Altinn frå 1. januar 2020 og heiter no Digitaliseringsdirektoratet. Me vil gjerne stå på lista over høyringsinstansar framover.

Tilsyn for universell utforming av ikt er organisert under Digitaliseringsdirektoratet og gjer i dag tilsyn med heimel i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven og forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (ikt)-løsninger (forskrifta).

Digitaliseringsdirektoratet, ved Tilsyn for universell utforming av ikt, er positiv til at det vert gjort ei klargjering av kven som har ansvaret for å føra tilsyn med universitets- og høgskulesektoren på dette området. Ei naturleg forståing av ordlyden i «det digitale læringsmiljøet» tilseier at vilkåret femner om meir enn det som per i dag ligg under verkeområdet for forskrifta.

Til dømes vil det digitale læringsmiljøet kunne inkludera program- og maskinvare i tillegg til digitale plattformer studentane møter som del av studiet. Program og maskinvare er ikkje omfatta av gjeldande regelverk om universell utforming av ikt.

Eit døme på dette kan vera strøyming av undervisning når ein student har krav på dette som ledd i tilrettelegging. Der vil ikt-løysinga som studenten får tilgang til undervisninga på vera innanfor regelverkets verkeområde, medan opptaksutstyret, programvare som lagar framstillinga etc. fell utanfor.

Basert på forskrifta meiner Digitaliseringsdirektoratet at det er nærliggjande å tolka verkeområdet i forslaget til ny § 7-7 innskrenkande til å berre gjelda ikt-løysingar som er omfatta av dagens regelverk.[1] Digitaliseringsdirektoratet ynskjer at departementet klargjer om Tilsyn for universell utforming av ikt skal driva tilsyn etter forslaget til ny uhl § 7-7, som går lengre enn gjeldande regelverk.

Viss departementet kjem til at verkeområdet skal vera vidare enn det som kjem av dagens regelverk om universell utforming av ikt, bør dei økonomiske og administrative konsekvensane dette får for Digitaliseringsdirektoratet greiast ut.

I forlenginga av dette spørsmålet ynskjer Digitaliseringsdirektoratet å peika på at det korkje i lovforslaget, NOUen eller i praksis er noko klart skilje mellom ikt og digitalt læringsmiljø.

Sett i lys av at det er lagt opp til ei ansvarsfordeling der Arbeidstilsynet skal driva tilsyn med ikt, medan Digitaliseringsdirektoratet skal gjera tilsyn med digitalt læringsmiljø, kan det oppstå utfordringar med å praktisera ansvarsfordelinga. For å unngå ei vanskeleg grensedraging ynskjer Digitaliseringsdirektoratet at departementet ser på om det er mogleg å leggja opp til eit klarare skilje i forarbeida til ny lov.

[1] Eit direktiv frå EU, 2019/882 European Accessability Act, kan utvida verkeområdet viss det blir teke inn i norsk rett og ansvaret for tilsyn vert lagt til Digitaliseringsdirektoratet. Dette direktivet femner om mange fleiretekniske løysingar enn nettsider, appar og automatar, og vil mellom anna omfatte brukarutstyr som PC, programvare m.m.