🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til kildeskatt på renter og royalty mv.

Tax Justice Network - Norge

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyring – Kjeldeskatt på renter, royalty mv .

Tax Justice Network- Norge takkar for høve til å kome med innspel i høyringa om innføringa av kjeldeskatt på rente- og royaltybetalingar.

Overskotsflytting av multinasjonale føretak er eit omfattande globalt problem, som er estimert å koste om lag $200 milliardar i tapte skatteinntekter, årleg. Manipulering av rente- og royaltybetalingar er ein viktig kanal for slik overskotsflytting. Gjennom å registrere immaterielle rettar i eit lågskattland og då generere royaltybetalingar frå dotterføretak i land som Noreg kan det skattbare overskotet i slike dotterføretak reduserast. På same måte kan det å plassere gjeld i dotterføretak i land med høgare skattesatsar, gje høve til å redusere skattbart overskot gjennom rentebetalingar til andre føretak i konsernet som er registrerte i lågskattland. Tap av skatteproveny for Noreg frå slik overskotsflytting er estimert til å ha vore om lag 10 milliardar kroner årleg dei siste åra. [1]

For å møte denne problematikken er det svært viktig med ein kombinasjon av reform internasjonale skattereglar, reforhandling av skatteavtalar, og innføring av eigne, nasjonale tiltak. Difor er det svært positivt at departementet no foreslår å innføre ein kjeldeskatt på rente- og royaltybetalingar i Noreg, som eit av fleire tiltak mot overskotsflytting.

Vi treng ein generell kjeldeskatt

Departementet foreslår å avgrense kjeldeskatten til berre å gjelde rentebetalingar til nærståande i lågskattland, og royaltybetalingar til nærståande i utlandet. Å avgrense kjeldeskatten til berre å gjelde betalingar til nærståande er uheldig, og er også i strid med det Scheel-utvalet foreslo. Ei slik avgrensing til nærståande vil ikkje berre redusere verknaden av tiltaket, men også gjere kjeldeskatten vanskelegare å administrere. Interessefellesskap kan ta mange former og det er ikkje enkelt å skulle skilje på ein konsistent og riktig måte mellom nærståande og ikkje-nærståande føretak. Ei avgrensing til nærståande vil skape insentiv til omgåing, i eit område der det er vanskeleg for skattemyndigheiter å kontrollere faktiske forhold.

Departementet skriv at grunngjevinga for ei slik avgrensing er at kjeldeskatten i norsk kontekst primært har som føremål å motverke overskotsflytting, og at betalingar til nærståande er det området der risikoen for dette er høgast. Departementet viser også til at ei slik avgrensing gjer at ein unngår at kjeldeskatten råkar obligasjonslån frå uavhengige partar og rentebetalingar på lån frå finansinstitusjonar. Det er vår vurdering at det er enklare å innføre og administrere ein generell kjeldeskatt med unntak for denne typen rentebetalingar, slik som gjeld i fleire andre land som departementet viser til, enn det er å unngå misbruk av ein avgrensing til nærståande.

Tax Justice Network- Noreg vil difor oppmode departementet om at kjeldeskatten for rente- og royaltybetalingar får ein generell heimel, og at det eventuelt blir vurdert unntak for visse typar obligasjonslån.

Om avgrensinga til lågskattland for kjeldeskatt på rentebetalingar

Det er uheldig om ein kjeldeskatt på rentebetalingar skal avgrensast til berre å gjelde betalingar til nærståande i lågskattland. Departementet grunngir dette med at den nye renteavgrensingsregelen er venta å vere effektiv mot misbruk av frådrag for rentebetalingar til andre land.

Det er grunn til å tru at den nye renteavgrensingsregelen har reell effekt, men det er for tidleg å seie at den vil stogge all overskotsflytting gjennom rentebetalingar til andre «høgskattland». Utfordringa med overskotsflyttinga er ikkje avgrensa til hemmeleghaldsjurisdiksjonar med ingen eller låg nominell sats på føretaksskatt. Mykje av overskotsflyttinga frå Noreg og andre høgskattland skjer til, og via, andre land som har relativt høge nominelle satsar for føretaksskatten, men som på andre måtar legg til rette for overskotsflytting og aggressiv skatteplanlegging. Øvst på lista over land som Noreg mistar føretaksoverskot til finn vi EU-medlemmar som Irland, Nederland og Luxembourg. [2] Det er difor problematisk å satse på at eit einskild tiltak, renteavgrensingsregelen, vil åleine ha tilstrekkeleg effekt.

Det er svært positivt at departementet foreslår at kjeldeskatt på royaltybetalingar ikkje skal ha ei slik avgrensing, men skal omfatte royaltybetalingar til alle land, også innanfor EØS-området.

Tax Justice Network- Noreg anbefaler difor at også kjeldeskatten på rentebetalingar skal omfatte betalingar til alle land.

Det er lite truleg at ein einskild regel- eller lovendring vil løyse heile problemet med overskotsflytting. Det er difor viktig at det skjer ei kontinuerleg vurdering av nye tiltak, for å sjå korleis dei verkar både individuelt og saman, og kva som er den samla «effekten» av regelendringane på problemet dei søkjer å løyse. Med det som mål, er det også viktig med openheit rundt tiltaka. Tax Justice Network- Norge anbefaler difor at aggregerte data på rente- og royaltybetalingar ut av Noreg skal gjerast offentleg tilgjengeleg, slik at forskarar, sivilsamfunn og media har høve til å evaluere omfanget av overskotsflytting, og endringar over tid, i samband med innføring av ulike tiltak.

Sigrid Klæboe Jacobsen Ingrid Hjertaker

Dagleg leiar Politisk rådgjevar

Tax Justice Network – Norge Tax Justice Network - Norge

[1] Tørsløv, Wier og Zucman (2018) “The missing profits of nations”, NBER working paper, No. 24701. Tilgjengelig på https://www.nber.org/papers/w24701 . Oppdaterte tall for dette paperet finnes på http://gabriel-zucman.eu/missingprofits/ .

[2] Missing Profits 2020, https://missingprofits.world/ .