Dato: 20.05.2020 Svartype: Uten merknad Integreringstenesta i Voss herad har fylgjande merknader til framlegg til endringar i introduksjonslova: Overordna kommentar som gjeld framlegget: Me meiner det er problematisk at ein byggjer lovframlegget på ein lov (Integreringslova) som endå ikkje er ferdig politisk handsama. Dette kan oppfattast som ein snikinnføring av ikkje demokratisk handsama framlegg i ein vanskeleg situasjon. Departementet bør basera framlegga sine på gjeldande demokratisk handsama lover. * punkt 3.2: Fylkeskommunen kjenner ikkje fagfeltet vårt eller brukarane våre godt nok til å kunne gjera ein karriererettleiing. Etter vårt syn vil ein slik omlegging føre til ein kvalitetsmessig reduksjon. Dei fleste kommunar har drive med dette i lang tid, sjølv om dette ikkje har vore lovpålagt. Dersom dette skal inn i lova er det kommunen som bør ha ansvaret. * punkt 4: Tiltaka som er foreslått i lovframlegget vil føra til ekstrakostnader for kommunane, og når ein samtidig veit at all busetting er stoppa opp vil ekstrakostnadane til kommunane bli ganske store. Ein konsekvens kan vera at færre kommunar står klare til å busette til neste år, som resultat av kutt i kommunane. No har departementet dekka seg inn gjennom denne setninga: "Bestemmelser i loven som har budsjettmessige konsekvenser vil ikke foreslås innført uten at det foreligger budsjettmessig dekning" - I praksis vil dette sei at det vil kunne bli store forskjellar i kvalitet frå kommune til kommune. Integreringstenesta i Voss herad meiner at ein slik lovendring må fullfinansierast av staten. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen