Medietilsynet viser til høyringa frå Finansdepartementet datert 21. februar 2020 om endring av meirverdiavgiftsfritak for aviser. Departementet foreslår å utvide meirverdiavgiftsfritaket for aviser trykte på papir i meirverdiavgiftslova § 6-1 til også å omfatte elektroniske aviser. Videre foreslår Finansdepartementet at fritaket blir utvida til også å omfatte «dyptgående journalistisk produksjon og publisering av nyheter og aktualitetsstoff fra et avgrenset samfunnsområde» . Sistnemnde blir foreslått regulert i ei ny føresegn i meirverdiavgiftsforskrifta § 6-1.
Medietilsynet er statens forvaltningsorgan på medieområdet. Det følgjer av Medietilsynets samfunnsoppdrag at tilsynet skal medverke til å oppfylle statens overordna mediepolitiske mål om ytringsfridom og demokrati gjennom ei open og opplyst offentleg samtale, jf. Grunnlova § 100. Medietilsynet medverkar til å fremme dei mediepolitiske måla ved å leggje til rette for mediemangfald og kritisk medieforståing i befolkninga. Slik Medietilsynet ser det, er endringane som blir foreslått framtidsretta. Dei vil ha positive verknader for mediemangfaldet, ytringsfridommen og den demokratiske funksjonen media har i samfunnet. Medietilsynet stør framlegget og har ingen innvendingar til gjennomføringa av regelendringane. Med helsing
direktør for kommunikasjon, rådgiving og analyse