Styret i Helse Vest RHF gir sin tilslutning til høyringsuttale som går fram av saksførelegget.
Utvalet hadde som mandat å gjennomgå og eventuelt tilrå revisjon av dagens modell i lys av nye utfordringar for spesialisthelsetenesta. Utvalet skulle leggja til grunn dagens todelte finansieringssystem. Modellen skal være robust ovanfor eventuelle endringar i ISF. Dei regionale helseføretaka skal og ha eit samla ansvar for å finansiere drift og investeringar.
Helse Vest sitt overordna syn er at utvalet tilrår ein modell for fordeling av inntekter som er betre enn dagens modell. Modellen nyttar nyare data for å analysere behov og kostnader, modellen nyttar i større grad analysar og mindre grad skjønn. Grunnen til mindre bruk av skjønn er at analysane denne gongen er så mykje betre at utvalet tilrår at kriteria kan få større vekt. Til slutt så framstår kriteria som lettare å forstå og der i gjennom lettare å forklare behov for helsetenester, enn nokre av kriteria i dagens modell. Sjølv om dette er hovudtilbakemeldinga så vil vi knytte følgjande kommentarar til utgreiinga.
Helse Vest støtter det nye kriteriesettet og meiner at dette er ein stor forbetring frå NOU 2008:2.
I kostnadsindeksen er det gjort ein oppjustering av nivået på forsking i Helse Midt-Noreg som ein følgje av at ein stor del av forskingsproduksjonen i Helse Midt-Noreg blir registrert ved NTNU. For å korrigere for moglege feil som kjem av dette er historisk kostnadsnivå vekta skjønnsmessig inn med 25%. Helse Vest meiner det er viktig at Helse Midt-Noreg framover får ein korrekt registrering av sin forskingsaktivitet slik at ein kan redusere innslaget av skjønn i modellen ved neste revisjon.
Helse Vest meiner at det er ein fordel om ein kan nytta kriteria i inntektsmodellen til fordeling av inntekter og bruke minst mogleg skjønn. Helse Vest meiner at analysane er gode nok til å forsvare 75% vekt på kriteriene. Vi er derfor ikkje samde i mindretalsmerknaden til to av medlemmene i utvalet som meiner at det historiske kostnadsnivået bør bli vekta inn meir i modellen.
Vi er samde i at det er behov for eit arbeid for betre ambulansedata. Samstundes er vi nøgde med at det etter kvart er gode data på pasientreiser.
Utvalet tilrår at gjestepasientoppgjeret skal skje til kostnadsnivået i behandlande region og at nivået skal bli låst til eit gjennomsnitt mellom 2016 og 2017. Denne teknikken gjer at Helse Sør-Aust får betre betalt for sine gjestepasientar enn Helse Vest til ein når snittet av 2016 og 2017 nivået. Basert på denne ordninga er det Helse Vest som får minst betalt av alle regionane for gjestepasientar, fordi Helse Vest har det lågaste utgiftsnivået. Helse Vest aksepterer den endra ordninga, men understreker at det er viktig å kunne gjere ei ny vurdering om det skulle komme større endringar i form av kostnadskrevjande behandlingar, store (permanente) endringar i pasientstraumar mv.
Det er positivt at det no ikkje lengre er naudsynt å ta omsyn til auka pensjonskostnader i gjestepasientoppgjeret.
Kostnadskomponent i staden for kostnadsindeks
Helse Vest støtter endringa. Vi er likevel uroa over at beløpet som skal til for å jamne ut kostnadane er aukande i og med at regionar som hadde høgt kostnadsnivå i NOU 2008:2 har enda høgare kostnadsnivå i NOU 2019:24.
Bortfall av kompensasjon for ulik arbeidsgivaravgift
Helse Vest støtter at dette tilskotet blir innlemma i modellen.
Bortfall av utlikning av ulikheiter i kapital
Gjeldande modell har ei ordning som skal kompensere regionar som hadde historisk låg kapitalbehaldning. Kompensasjonen skulle gå over 20 år. Utvalet viser til at det er blitt større skilnader mellom regionane i den tida som har gått og tilrår dermed å avvikla dette elementet i modellen. Helse Vest kan gi si støtte til dette, men vi undrar oss over at behaldninga av kapital ikkje har jamna seg ut.
Helse Vest taper særleg på bortfall av utlikning av ulikheiter i kapital, kostnadskomponent somatikk og gjestepasientar. Vi vinn særleg på behov innan somatikk og psykiatri. Samla sett vinn Helse Vest 0,9% på utvalet sin tilråding til ny modell for inntektsfordeling mellom regionale helseføretak. Helse Vest sitt overordna syn er at utvalet tilrår ein modell som er betre enn dagens modell. Vi støtter derfor framlegget til samla modell. Ei endring av modell vil alltid føre til at nokre regionar vinn på enkelte delar, medan andre taper. Det er viktig for legitimiteten til modellen at ein har gode kriterier som er grunna på gode analyser, samt at det er mogleg å forstå bruken av skjønn i dei einskilde delane av modellen. Når det gjeld heilskapen så er denne òg viktig fordi det blir enklare å ta modellen i bruk om dei samla endringane er rimelege, noko Helse Vest meiner utvalet sin tilråding til modell er.