Dato: 23.03.2025 Svartype: Med merknad Uttale i samband med forslag til endringar i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram (vaksenvaksinasjonspogram) I høyringsnotatet vert det uttalt at ein større oppslutnad til vaksinasjonsprogrammet vil føre til lågare sjukefråvære og mortalitet i befolkninga. Kva er bakgrunnen for å hevde dette? Dei siste fem åra med pandemihandtering har synleggjort at relevant og balansert informasjon knytt til sjukdom og vaksinar ikkje når ut til befolkninga. Kunnskap om sjukdomen, kva injeksjonane inneheld, korleis dei virkar, kva biverknader som er registrert av vaksineprodusentane, og kva effekt dei har ift. smitte, sjukdom og dødelegheit, har anten vore mangelfull, misvisande eller feil. Det mangla ei reell oppveging mellom fordelar og ulemper ved vaksinasjon. Myndigheitene uttalte at det var ei borgarplikt å vaksinere seg, medan 60 års hemmeleghald held oss livsvarig uvitande om dei vurderingane som vart gjort. Me ser no at sjukefråværet og dødelegheita i befolkninga har fått ein kraftig auke. Vaksineskadde slit med å få hjelp, og biverknader vert neddyssa. Når uavhengige forskarar spør FHI etter rådata for å bekrefte eller avkrefte dødelegheit blant vaksinerte vs uvaksinerte, så er svaret nei. Som om ingenting har hendt, held koronavaksinasjonen fram i sårbare grupper - endåtil gravide! Det som har skjedd - og framleis skjer, er ingenting anna enn uetisk. For at eg som borgar skal kunne ha tiltru til vaksinar, så må dei vere uavhengig og grundig dokumenterte som trygge og effektive, og i tillegg bli opplevde som det. Eg ser ikkje at koronavaksinerte er friskare. Eg ser ikkje at influensavaksinerte er friskare. Eg ser ikkje at befolkninga vert friskare di fleire vaksinar me får. Eg ser det motsette. Tilliten er for min del borte, og eg motset meg eitkvart system som legg til rette for meir kontroll, segregering, press og tvang. Med bakgrunn i det eg har erfart og lært, vil forslaget om eit vaksinasjonsprogram - med registrering, deling av vaksinestatus og stadige påminningar - kunne påføre befolkninga eit auka vaksinepress, og dermed endå meir sjukdom. Det ynskjer eg ikkje. Eg ynskjer at pengane som var tiltenkt dette vaksenvaksinasjonsprogrammet, heller vert brukt til: å sikre oppdatert og sann informasjon til befolkninga om korleis vaksinane verkar i kroppen, kva dei inneheld, og kva biverknader dei kan føre til informasjonsarbeid knytt til korleis immunforsvaret fungerer, og korleis me sjølv naturleg kan ivareta og styrke det å fremje ein open og kunnskapsbasert debatt innan helse Det er blitt skapt eit inntrykk av at vaksinar reddar liv - utan at det føreligg dokumentasjon på det. Skal tilliten nokon gong kunne rettast opp, må det skje ei opprydding, og det må sikrast at befolkninga framover får korrekt og balansert informasjon, som gjer den einskilde borgar i stand til å ta informerte val for eigen kropp. Eg seier difor nei til regjeringa sitt forslag. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"