🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Forslag til endring av regler om turistfiske

Bakkevig Gard

Departement: Familiedepartementet 4 seksjoner

Høyringsinnspel - forslag til endring av reglar om turistfiske

Innsendar driv turisme basert på tilleggsnæring til jordbruk, der turismen er særs viktig for å kunna oppretthalda arbeidsplassen på garden. Dei fleste gjestene kjem hit (Tysvær i Nord-Rogaland) for å sjå området og vera "vanlege" turistar, men båtlivet og det å kunna ta fisk med til heimlandet er for mange ein viktig del av opplevinga. Så å seia alle kjem kun ein gong året, men etter mange år med utleige er det kjekt å oppleva at nokre kjem att år etter år. Det er bland desse ein finn dei som tek med mest fisk heim - om dei klarer å fylla kvote sin. Desse faste gjestene er på mange måtar "basis" i den type utleige me har, og det vil vera svært synd å mista desse ved å redusera og/eller endra utførselskvoten monaleg.

Kommentar til forslag om endringar i dei ulike forskriftene:

Utførselskvote:

Det mest øydeleggjande forslaget er at fisken skal vera heil, sløya og hovudkappa. For mange av dei som kjem hit for å fiska er det å filetera og pakka fisken ein del av opplevinga. Dei er på ferie, har betre tid, og det er mykje meir praktisk å frakta fisken heim slik. Det blir enklare å stella til middagen heime, og kvaliteten vil truleg bli redusert under transport og ved tillaging dersom dei må ta han med heil heim, Avkappet er ein ressurs som burde gå tilbake til fjordane og havet - til føde for t.d. krabbe og yngel. Alle turistane her får beskjed om å ikkje kasta avkappet ved sløyeplassen - alt skal ut i fjorden igjen. Dette opplever eg også at dei gjer, då eg ikkje ser avkapp der dei reinser fisken.

I utgangspunktet er forskrifta bra som ho er. Må det absolutt gjerast ei endring her, er det betre å tillata utført ei mindre mengd filetert fisk (t.d. 15 kg) i staden for 20 kg heil, sløya og hovudkappa, som forslaget i høyringa er.

For å få bukt med "problemet" at fiskarane kjem mange gonger årleg, kan eit tiltak vera å ha ei avgrensing på t.d. 2-3 besøk per år.

Rapportering:

Så lenge eg som turistvert har ansvaret for rapporteringa, synest eg ein gong per månad er tilstrekkeleg. Fleire av gjestene er her over fleire veker, og det blir forstyrrande å be om fangstskjema fleire gonger under besøket. Mange av oss som leiger ut hytter el.l må også rapportera inn overnatting/tal gjester/gjestedøgn mm til SSB ein gong per månad, og då er det praktisk å samkøyra denne rapporteringa.

Det beste hadde vore om fiskarane sjølv føretok rapporteringa. Ein føresetnad er då at denne må gjerast mykje enklare. Gjerne via ein app/eit enkelt innloggingssystem, der dei kan gjera dette fortløpande/kvar veke/ved avreise.

Same kva styresmaktene landar på her, synes eg ei rapportering av sum per dag, og ikkje per tur held i massevis. Elles er per fartøy og tal artar greit som det er.

Informasjon:

Som turistvert informerer eg gjestene mine om fisket så godt eg kan - og deler ut brosjyrane eg har fått tilsendt. Det har til dags dato ikkje vore problem med dette. Ein føresetnad for at informasjonen skal nå fram, er at denne er enkel å få tak i for oss som driv verksemda og enkel å forstå for dei som leiger. Dette må styresmaktene leggja til rette for.

Alt i alt fungerer kvoteordninga godt som ho er i dag, både for registrerte og uregistrerte verksemder. Slik eg forstår det er heile det nye forslaget grunna i stor utførsle i enkelte delar av landet vårt. I staden for å endra forskriftene, bør styresmaktene heller auka kontrollen på grensa i desse områda, slik at dei som ikkje respekterer det regelverket som fungerer godt i dag, vert ramma.