🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Forslag til endring av regler om turistfiske

Hjartholm Feriehytter

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Er registrert næringsdrivende ved Sognefjorden. Det er bra at ein må vere registrert for å få med seg fisk, men innstramming av regler når det gjelder kva fiskeråvare ein skal få med seg er me ueinige i, noko me begrunner under.

Me har også fått beskjed om å rapportere kvar tur, ikkje sumert månadsrapportering slik dere skriver i høring.

Det er også stor forskjell på kvar i landet ein fisker.

Her er det perioder turistene knapt nok klarer å fiske nok fisk til mat under oppholdet.At dei då skal kun få med seg sløgd og hovudkappa fisk når dei først får fisk, blir vanskelig for oss å forsvare.Me har erfart at våre gjester tek serdeles godt vare på fisken, og filiterer godt,

Me har også turister som er her to ganger i året, ein gang som rein fiske tur og neste gang med familie. synest derfor det blir urettferdig at vedkomende ikkje skal kunne ta med seg fisk begge ganger, Kanskje det kunne vore ein ide å med 1 gang i kvartalet, eller 4 ganger pr år. Minimum bør vere to ganger pr år at ein har lov til å føre fisk ut av landet.

Det medfører også eit veldig arbeid for oss å sende inn skjema fort løpende. Det kan neppe vere av interesse om fisk blir fiska mandag eller fredag, til frokost eller kvelds? Det må kunne vere nok å sende inn skjema ein gang fiskegruppe. Det er flott at det finst hjelpemiddel som apper til dette, men det er veldig dyr løsning for noko som blir pålagt oss. Då bør Departementet sørge for at dette blir tilgjengelig for alle, kostnadsfritt.

Når det gjelder rapportering av arter, passer ikkje alle alle arter her på Vestlandet. Her fisker me Lyr, Torsk, Sei, Lange, Hyse og Brosme. Steinbit, Kveite og Uer er det veldig lite me tek opp. Me har hatt gjester her som har rapportert nullfangst, men like vel hatt med seg 10-15 kg med fileter då dei kun har fått Lyr.

Når det gjelder bruk av rest råstoff, er det ingen mottak lokalt. Lokale kystfiskere tek heller ikkje vare restråstoff, desse går på sjøen til måke og krabbemat.

Vår konklusjon er at dere ser på problem i nord Norge der det er store mengder fisk, og lager retningslinjer basert på dette som heile landet må følge. Det må kunne vere mulig å sjå på forskjeller lokalt, og ikkje kun basere seg på problem områder.