Høyringsuttale frå Kvam herad Havbruksfondet er i dag eit fond som fordeler proveny frå auksjonar av havbrukskonsesjonar til havbrukskommunar og – fylke. 70% går til kommunane. Ein del av dei kommunale midlane går berre til kommunar der det er avklara nye konsesjonar dei siste to åra. Måten utbetalingane er innretta på i dag, fører til ujamne og nokså uføreseielege utbetalingar til havbrukskommunane. Dette gjer at inntektene ikkje kan leggjast til grunn i kommunale budsjett. Vertsommunane som legg ut område til havbruksføremål får fordelar av verksemda gjennom innbetalt inntektsskatt, formuesskatt og auka aktivitet. Både yrkesfiske og fritidsfiske vert påverka av verksemda. I tillegg kjem miljøpåverknader: •auka lakselusbestand, noko som går ut over lakse- og aurestammene i området. •auka utslepp av næringsstoff •fisk som rømmer og blandar seg med villfiskstammene Ein opplever no at det vert stadig meir motstand mot å leggja ut nye område til havbruk. Ein viktig grunn til det er at folk ikkje opplever at nok verdiar vert igjen lokalt. Dette er hemmande for vekstmoglegheitene til denne viktige næringa. Næringa og vertskommunane har felles interesse i å endra dette. Folk som bur i og besøkjer kommunane merkar verksemda og på andre måtar. Natur- og landskapsopplevinga vert påverka. Me meiner meir av verdiskapinga må liggja att lokalt. Havbrukarane nyttar ein felles ressurs i naturallmenningen. Denne ressursutnyttinga skjer lokalt, og lokalsamfunnet bør få att for dette. Dette har vore eit berande og godt prinispp under kraftskatteregimet: Det bør svarast vederlag for avgitt natur – til lokalsamfunnet. Kvam herad sine innspel til høyringa: • Havbruksfondet må innrettast slik at ein større andel av verdiskapninga vert att lokalt, og at inntektene er jamnare og så føreseielege at kommunane og fylkeskommunane kan basera drifta si på dei. Proveny frå konsesjonar bør framleis liggja inne, men dette bør «bufrast» over fleire år – og utbetalingane delast på antal år i bufferen, slik at utbetalingane vert meir jamne frå år til år. Fordelingsnøkkelen mellom kommunar, fylkeskommunar og stat bør vera som den er i havbruksfondet i dag. • Det bør etablerast ei produksjonsavgift basert på samla konsesjonsgjeve volum i dei aktuelle kommunane. • Etter modell frå kraftskattleggjinga bør det etablerast ein grunnrenteskatt, men med ei «frirente» som er så høg at det berre er «superprofitten» som vert skattlagt. Ein slik skatt slår såleis ikkje inn dei åra der innteninga er svak. Den totale skattebelastninga for næringa må tilpassast/avgrensast slik at tilstrekkjeleg kapital vert igjen i næringa til å møta dei betydelege miljøutfordringane som må løysast i framtida.