🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Uten merknad
Til horingen: Høring – NOU 2019: 18 Skattlegging av havbruk

Kvinnherad kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 04.02.2020 Svartype: Uten merknad Kvinnherad kommune er nøgde med den innretninga havbruksfondet har i dag. Fordelingsnøkkelen som vert nytta for å fordela midlar mellom stat og kommunesektor har stor legitimitet og bør vidareførast. Denne fordelingsnøkkelen er og med på å stimulera kommunane til å leggja til rette areal for næringa. Behov for nye areal er stort om Norge skal ha ei berekraftig oppdrettsnæring også i framtida. Kvinnherad kommune meiner at argumentet om at insentiv for vertskommunar for å stilla areal til næringa vil fortrenga anna næring syner manglande forståing av kommunal politikk og forvaltning. Petroleumsnæringa, uthenting av olje og gass, er ein avgrensa ressurs. I kraft og havbruksnæringa skjer verdiskapinga ved utnytting av fornybare ressursar. Denne skilnaden bør gje andre svar på å løysa problemstillinga som utvalet peike på med omsyn til fordeling mellom generasjonar. Petroleumsnæringa er ikkje stadbunden innanfor kommunegrenser, og kan difor ikkje samanliknast med kraft og havbruksnæringa som skjer innanfor vertskommunar. Difor vert det feil å argumentera for at inntekter frå petroleumsnæringa ikkje går til vertskommune og difor skal heller ikkje inntekter frå kraft og havbruk tilfalla vertskommunar. Kvinnherad kommune meiner at NOU 2019:18 – Skattlegging av havbruksvirkomhet ber preg av at utvalet har manglande forståing av skilnaden på havbruks-, kraft- og petroleumsnæringa, og at framlegget til fleirtalet i utvalet er prega av dette. Finansdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"