🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Forslag til endringer i folkehøyskoleloven utfasing av tilskudd til kortk...

Nordfjord folkehøgskule

Departement: Kunnskapsdepartementet 1 seksjoner
Høringssvar vedr. forslag til endringer i folkehøyskoleloven:

Nordfjord folkehøgskule er ein skule med fordjuping i ulike tema innanfor friluftsliv. Vi har 10 linjer, der ei av desse er ei tilrettelagt linje for elevar med psykiske utviklingshemminger. Gjennom arbeidet med denne linja har skulen opparbeida seg mykje kompetanse på inkludering, aktivitet, helse og livsmeistring for denne gruppa. Gjennom mange år har vi også tilbydd eit kortkurs på sommartid for ungdomar i denne gruppa. Når vi no forstår at det er forslag om å kutte ut støtta til slike tilbod vert vi uroa, og vil gjerne melde dette som vårt høyringssvar. Det å ha eit skreddersydd opplegg for denne gruppa på sommaren er eit viktig tilbod. Svært mange av desse har ikkje andre alternativ til sjølvstendig ferie. Vi veit at dette er med på å gje menneske gode opplevingar, ein følelse av å høyre til, og sosialt nettverk. Mange treffer sine næraste vener gjennom denne leiren. For føresette til denne gruppa representerer også dette kurset ei mulighet til sjølve å kunne ta ei ferieveke utan å være i den daglege omsorgssituasjonen. Dette er det god samfunnsøkonomi i. For vår skule utgjer statsstøtta desse kursa har tilført nok midlar til at vi kan tilby eit godt tilbod med tilstrekkeleg personell og gjennomarbeida aktivitetar tilpassa denne målgruppa. Vi ønskjer difor sterkt at dette tilbodet vert vidareført i ei form som gjer at denne gruppa ungdomar framleis kan få eit relevant og godt tilbod på sommaren"