🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Forslag til lov om mediestøtte

Språkrådet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 17.01.2020 Svartype: Med merknad Høyringsfråsegn – framlegg til lov om mediestøtte Språkrådet viser til høyringsbrev frå Kulturdepartementet dagsett 2. desember 2019 og kjem her med fråsegn om framlegget til mediestøttelov. Media er eitt av dei viktigaste domena for norsk språk, og norsk står svært sterkt i sektoren. Nynorsk er betre representert i media enn på mange andre samfunnsområde. Språkmangfaldet i sektoren er breitt; det finst òg medietilbod på samiske språk, kvensk og nyare minoritetsspråk. Mediestønaden byggjer opp under det språklege mangfaldet og sikrar eit levande norsk mediespråk. Han er dermed avgjerande for den opplyste offentlege samtalen på norsk. Når det no blir føreslege endringar i fordelinga av mediestønaden, er det viktig at det språklege mangfaldet i sektoren ikkje blir skadelidande. I utkastet til den nye språklova som er venta våren 2020, er det sett krav om definering og presisering av det språkpolitiske ansvaret til kvart departement og kvar sektor. Lovutkastet slår dessutan fast at staten har eit særleg ansvar for å styrkje nynorsk, som det mindre brukte språket. Det er viktig å sikre ei mest mogleg uavhengig presse og armlengds avstand mellom støttemottakarane og styresmaktene og dei som mottek stønaden. Like fullt er mediestøtta også eit politisk verkemiddel, og Språkrådet meiner det er viktig at støtta byggjer på kriterium som er fastsette av andre enn dei som tildeler. I styringssignala må ein ta tydelege språkpolitiske omsyn, som sikrar omsynet til nynorsk som det mindre brukte språket. Det er òg viktig at samansetninga av rådet speglar den mangfaldige og fleirspråklege mediekvardagen i Noreg. Det er ønskjeleg med representantar som har eit minoritetsspråkperspektiv. Dessutan bør minst ein av medlemmene ha nynorskbakgrunn, for å sikre at dette perspektivet kjem med i rådets arbeid. Vennleg helsing Nina Teigland Lars Ivar Nordal seksjonssjef seniorrådgjevar Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"